Søk i denne bloggen

søndag 16. september 2018

Kapittel 2018 og bokbloggertreff


Litteraturfestivalen Kapittel har blitt arrangert i Stavanger sidan 1995. I år er datoene 19.-23. september og eg skal inn til byen etter jobb fredag. Temaet i år er Samhald, og eg ser fram til å bevege meg rundt i ein by eg kjenner veldig godt (sjølv om Oslo og er meget kjent etter nokre år fram og tilbake).

Bokbloggertreffet går av stabelen lørdag, men innimellom skal eg nok få med meg nokon programposter. Fredag ettermiddag kjem det an på når eg kjem inn til byen (er ferdig på jobb kl. 15), men 16.30 skal Jan Inge Sørbø halde foredrag om Nynorsk litteraturhistorie og det hadde vore interessant å fått med seg.

Lørdag renner opp med frokost på hotellet, og det viktigaste denne dagen er sjølvsagt bokbloggertreffet. Eg snakka med sjefen i bokhandelen min (ja, den er veldig min og sjefen veit kva eg snakker om) her ein dag og fortalte om første treffet der me alle sneik oss inn som redde mus i lokalet for ingen visste eigentleg korleis me såg ut, medan året etter var det meir klemming og løssluppen stemning. Nå er det omtrent vennetreff og det gleder meg. Bokbloggertreffet har fått låne lokaler på Sølvberget lørdag ettermiddag og då har me god anledning til å få med oss nokre poster. Eg ser med interesse på Lars Lillo-Stenbergs post om Nini, men det krasjer og med klassikarlaurdag. Gertrude Stein sitt hovudverk The Autobiography of Alice B. Toklas er ute i ny norsk språkdrakt og eg las den tidlegare i år.

Kl. 16 er det tid for utdelinga av Bokbloggerprisen, og sidan me står i programmet håper me sjølvsagt på fleire interesserte. Olaug Nilssen og Zeshan Shakar er nominerte i klassen Årets roman, og me deler og ut pris i klassen Åpen klasse. Velkommen til alle!

Søndag er heimreisedag, men for meg som for første gong ikkje skal rekke eit fly har eg dagen til disposisjon så lenge eg gidder. Eg har allerede avtalt med mor om henting når det passer meg for toget frå Stavanger går bare så langt, og buss har ingen høyrt om på søndager i distrikts-Noreg :-/ Bokbloggere finner sikkert på noko sprell på søndager og :-)

Det som eg ikkje får med meg er programposten Kva er ein klassiker? onsdag,men med jobb dagen etter og dårlig kollektivtrafikk så seier det stopp. Torsdag skal Tor Bomann-Larsen holda foredrag med utgangspunkt i hans Haakon og Maud-biografiserie, men eg får nøye meg med å lese ferdig serien også har eg faktisk høyrt han under nå nedlagte Oslo Bokfestival eit anna år.

Eg gler meg både til Kapittel og til å treffe andre bokbloggere, men mest av alt til å bare ta med meg kofferten på jobb fredag morgon og suse rett inn til byen uten å tenke på fly og Gardermoen for ein gongs skuld :-)

Heile programmet finner du HER!

XOXO

10 kommentarer:

  1. Ja,dette blir sikkert helt supert! Man rekker selvfølgelig ikke å få med seg alt man vil men endel rekker en jo på disse dagene.Kjenner det kribler godt når jeg leser innlegg som dette og skal følge med på SoME for å få med meg noe i hvert fall.
    Dette blir nok kjempegøy, gleder meg til å følge dere.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du skulle så absolutt ha vore med oss, men det kan ikkje passe for alle :-) Liker at du følger med!

      Slett
  2. Gleder meg til å treffe deg og de andre. Du har rett i det at det ikke er like "skummelt" som første gang :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har vore på alle treffa, og det har bare blitt mindre og mindre skummelt :-) Gler meg til å treffa deg og!

      Slett
  3. Einig med deg, Elida. Det var veldig skummelt (synest eg) første gongen, men allereie andre gongen var det som å treffe gamle kjente. Eg har berre vore der to gongar, men kjenner at om eg hadde kunne dratt denne gongen så hadde eg ikkje grudd meg noko. Eg satsar på å få vere med neste år - og gler meg til maaange postar frå dykk. Kos dykk masse! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser ut til at det blir øs pøs regnvær heile helga, men kva gjer vel det i godt lag :-) Håper du blir med neste gong :-)

      Slett
  4. Høres ut som du har hatt og kommer til å ha det kjekt. :-) Har du forresten noe peiling på hvor en får tak i informasjon om når/hvor bokbloggertreffet er? Har jo stukket innom Bokbloggerprisen sin hjemmeside, men innunder bokbloggertreff står det jo bare "mer informasjon kommer"?

    SvarSlett
    Svar
    1. Beklager seint svar :-( Bokbloggertreffet var på Sølvberget, står nok lite under bokbloggerprisens heimeside, men ein del info har komt ut på facebook og på ebokhylla sin blogg. Neste år er treffet igjen i Stavanger, og sånn ca samme helg som nå - under Kapittel-festivalen.

      Slett
    2. No worries angående sent svar. :-) Håper på jeg får sjansen til å bli med neste år siden det er i Stavanger da også.

      Slett
    3. Så kjekt - du er hjertelig velkommen!

      Slett