Søk i denne bloggen

søndag 10. februar 2019

Bøker: "Bride Quartet" av Nora Roberts

Den amerikanske forfatteren Nora Roberts (f. 1950) har vore ein bestselgande forfattar i mange år, og eg har lese ein heil bøker ført i pennen av Roberts. For meg er ho best kjent som forfatter av trilogier, og då er det gjerne søsken som ender opp i romantikkens teikn. Ofte er bøkene ispedd gammal mystikk, og gjerne frå Irland. I mange år trudde eg faktisk Roberts var frå Irland. Dei fleste bøkene eg har lest av Nora Roberts er av den romantiske sorten, og dette er mine guilty pleasures. Når leselysten er på synkande grunn, synker eg ned i sofaen med ein eller fleire av disse bøkene og koser meg skikkelig. Bride Quartet har eg høyrt på lydbok for nokre år sidan, og det var veldig kjekt med eit gjensyn. Eg liker spesielt godt første boka, og eg trur du vil skjønne kvifor.


Bride Quartet består av bøkene Vision in White, Bed of Roses, Savor the Moment og Happy Ever After. Første gong eg las bøkene syns eg dei var superromantiske og heile det klisset, og det var først nå eg la merke til det opplagte i historiene. Opposites attract er det noko som heiter, og i disse bøkene er det akkurat det som er greia. Eg garanterer ikkje at det ikkje vil vera spoilers i dette innlegget, så viss du tenker å lese dei utan å vite kven som får kvarandre burde du stoppe nå! 

Parker Brown, of the Connecticut Browns, og hennar storebror, Delaney, mista begge foreldrene i eit flykrasj for nokre år sidan. Ikkje lenge etter starta Parker bryllups- og eventbyrået Vows med sine tre bestevenninner, Mackenzie Elliott, Emmaline Grant og Laurel McBane. Del flytta ut av huset, Laurel flytta inn, og Mackenzie og Emmaline fekk kvar sitt ombygde hus og arbeidsplass på eigedomen. Dei fire bøkene går over eitt år, og i løpet av det året får alle jentene kvar sin mann, og starter sine eigne bryllupsførebuingar.

I første bok, Vision in White, er det fotografen Mackenzie som er i fokus. Ho har ei trøblete fortid med skilte foreldre og ei mor som trur ho kan gjere som ho vil. Kvar gong mora gjer som ho vil går Mackenzie i kjelleren. Heilt til dagen ho møter Carter Maguire. Han er litteraturprofessor, siterer To Kill a Mockingbird (kor kan eg finna ein slik?), er klossete som få og vinner Mackenzies brukne hjerte. Men sjølvsagt ikkje utan ein viss form for misforståelser og Mackenzies redsel for ekteskapet. Gjennom fire bøker er det det to eg liker best! I andre bok, Bed of Roses, er det blomsterdekoratøren Emmaline Grant som er i fokus. Ho bur i det ombygde badehuset med leilighet oppe og arbeidsstad nede. Emmaline er av den romantiske sorten med sine forelska foreldre og blomster i alle kriker og kroker. Arkitekten Jack Cooke er ein kamerat av Delaney og gjorde dei fleste endringane på eigedomen då eventbyrået starta. Han har skilte foreldre, liker å ha ting på sin måte og er nok litt som Mackenzie. Klarer Emma å snu hodet på Jack og få den lukkelege slutten foreldrene hennar ennå lever i? I tredje bok, Savor the Moment, er det bakeren og dessertmakeren Laurel McBane som er i fokus. Hennar fortid består av ein far som snylta på skatten og stakk av frå heile opplegget, og Laurel er vant med å kjempe for kvar krone. Då Parker og Delaneys foreldre døde avlyste Laurel planen om Paris og vart igjen hjå søskenparet. Laurel har vore forelska i Delaney sidan for alltid omtrent, men det blir ikkje lett når den rike og velståande advokaten Delaney Brown går ut med Laurel McBane. Det har alle ei meining om, men igjen seirer kjærleiken. I fjerde bok, Happy Ever After, er det Parker Brown som er i fokus. Ho styrer det meste av detaljer rundt bryllupene og er på telefonen 24/7. Tidlegare i bøkene har me blitt kjent med bilmekanikeren Malcolm Kavanaugh som er ein kamerat av Delaney. Han er tidlegare stuntmann, har såre barndomshistorier og er akkurat det Parker trenger i livet.

Er du framleis med? Som du sikkert har skjønt ligger disse historiene ganske tett på meg, og eg leste ferdig fjerde boka i ettermiddag. For å fange opp igjen oppsites attract er dette fire kvinner som kvar møter ein mann som er totalt ulik seg sjølv: Fotografen og professoren, blomsterdekoratøren og arkitekten, dessertmakeren og advokaten, og planleggeren og bilmekanikeren. Eg legger ikkje skjul på at det er det romantiske som trigger meg i disse bøkene, og når eg tenker meg om så er det akkurat det eg ser etter i andre bøker og. Mine favorittbøker av den eldre sorten er Jane Eyre, Persuasion, Our Mutual Friend, Sense and Sensibility og sikkert fleire eg ikkje husker akkurat nå. Ser du eit mønster her? Trenger du noko lett og ledig, begynn med Vision in White så ses me i andre enden.

| Utgitt: 2009-2010 | Format: Kindle, ca 350 sider pr bok | Forlag: Berkley Books | 

XOXO

2 kommentarer:

  1. Guilty pleasures må vi alle ha, og dette er ikke av de verste. Kjekt å høre om din leseopplevelse og om en serie/forfatter som jeg aldri har hørt om før.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, det er ikkje av dei verste, men det er ganske forutsigbart i kvar einaste bok. Det er alltid nokon som ender opp i lag ;-)

      Serien er det ikkje så rart du ikkje har høyrt om, men eg er litt overraska over at Nora Roberts er ukjent for deg.

      Slett