I At Dusk møter me først arkitekten Park Minwoo som etter ei foredrag får ein lapp stukket i hånda av ei ung kvinne. Lappen er frå ei barndomsvenninne av Minwoo som ikkje sjølv torde å komme på foredraget fordi ho meinte sjølv ho ikkje var flott nok. Lappen får Minwoo til å tenke over kor han er i livet, og korleis han har kommet dit. Hans historie er stort sett i oddetalskapitla. I kapittel 2 møter me den unge teaterdamen Jung Woohee. Ho har gitt etter for kapitalismen og arbeider stort sett frå hånd til munn, men i likhet med Park Minwoo er det mykje som har skjedd i hennar unge liv. I utgangspunktet virker det ikkje som om disse to menneskene har noko til felles, men etter som laga i romanen blir skrelt av blir det tydelig at dei har meir til felles enn dei skulle trudd.
Det er 8 år sidan eg las Herr Han, men då ga den dessverre ikkje så mykje inntrykk. Eg trur at viss eg plukker den opp i dag vil eg få meir igjen av den. Koreansk litteratur fascinerer meg, og det er mykje av årsaken til at eg liker så godt den internasjonale Booker-prisen. Det er høyst usikkert om eg hadde oppdaga Han Kang viss det ikkje hadde vore for denne prisen. At Dusk er ein stillferdig kort roman, men den har så mange lag at då eg las den ferdig i går kveld hadde eg lyst til å snu på flisa og lese den ein gong til. Du må halde tunga beint i munnen når du leser for eg har store problem med å skjønne kven som er mann og kven som er kvinne for for vestlige meg så seier det seg absolutt ikkje sjølv. Anbefales!
| Originaltittel: Haejil Muryeop, omsett frå koreansk av Sora Kim-Russell | Utgitt: 2018 | Format: Kindle, 121 sider | Forlag: Scribe |
Husker jeg kjøpte Herr Han etter å ha lest Prinsesse Bare som jeg likte godt, jeg tror den har havnet ned i boden men skal snart finnes frem. I mellomtiden ser det ut som jeg må få med meg denne også.
SvarSlettAnbefales!
SlettFlott omtale! Jeg er dypt inne i Herr Kilefant og gjengen på jobb, så titlene på bøkene hans Herr Han og Prinsesse Bare minnet meg fælt om dem :) Det minner meg på, det er best å komme seg avgårde, ha en fin dag Elida!
SvarSlett