For ei god veke sidan var eg på "Strikk og lytt" på biblioteket som er eit arrangement biblioteket gjer i samarbeid med Norli. Bokhandelsjefen, Mari, tar med seg eit knippe nye bøker og publikum tar med seg strikketøyet og lytter til Mari som fortel engasjert om dei nye bøkene. I dette tilfellet har Mari nesten ikkje gjort anna enn å lese dei siste vekene så researchen er i alle fall i orden. Ei av bøkene ho hadde med seg var bokdebuten til ein av sine deltidsansatte, og Mari som kjenner Rasmussen godt etter fleire år veit kor mykje det har kosta han å få vere den han er.
Eg leser svært lite dikt, men akkurat Du skal bli elsket lenge plukka eg med meg frå biblioteket fordi den er lokal. Diktsamlinga inneheld små og store dikt om det å oppleve kjærleik som god og fin, men og den vanskelege kjærleiken. Den om kjærleik til det same kjønn, og kva med om den kjærleiken ikkje blir gjengitt? Eller når den du trudde kunne bli glad i deg mishandler deg?
Alle vet at Norge er trygt
alle kan være seg selv
snakke for seg selv
elske for seg selv
hvorfor ble jeg
nesten
truffet av
kniven i bakgata
(s. 32)
| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 72 sider | Forlag: Publica |
XOXO
Heisann!
SvarSlettTusen takk for anmeldelse/blogpost!!!
Veldig gøy at du likte boken min :)
God påske!
MVH
Henning Rasmussen :*
Så kjekt at du likte det eg skreiv. God påske!
SlettTittel og forfatter er notert bak øret :) Sitter og skulle skrevet om Nå solen med en finger, også en veldig sterk diktsamling som jeg kommer til å anbefale. Nyt påskesolen Elida!
SvarSlett