Søk i denne bloggen

søndag 7. april 2019

Bok: "Hemningsløs. Historien om Torstein Lerhol" av Ola Henmo og Torstein Lerhol

Den norske forfatteren Ola Henmo (f. 1965) er frilanser og har tidlegare jobba 15 år i Aftenposten. Tidlegare utgivelser er Kreftforeningens 75-årsjubileumsbok Krefter (2013) og biografien Kampene. Et portrett av Kim Friele (2015).

Torstein Lerhol (f. 1986) har sjukdommen SMA, veger 20 kg, har ein pustekapasitet på 11 prosent, bruker respirator om natta, tilbringer livet liggande i ein rullestol, kan bare bevega ein finger og avhengig av assistanse heile døgnet. Med alt dette hadde dei fleste lagt seg ned og blitt der. Lerhol er av eit heilt anna kaliber. Han har studert på universitet, er i full jobb, er aktiv politiker, næringslivsleder, foredragsholder og reiser verda rundt. Til hausten håper han å bekle rolla som ordførar i heimkommunen for Senterpartiet.

Lerhol er ein mann eg kun har sett på TV, i typisk nyhetene. Sakprosa-boka Hemningsløs skrevet i samarbeid med Ola Henmo gir eit unikt innblikk i oppveksten til Lerhol i Vang, korleis han løyser kvardagslige utfordringar og kampen for eit fullverdig liv. Drøymen om å bli spesialsoldat måtte kjapt legges i grus, men ringer Forsvarsdepartementet takker han ja på flekken (s. 75). Torstein Lerhol er fødd med eit positivt sinn og ei tru på at alt går og med den innstillinga har han nok levd ganske mange år på overtid. Foreldrene, Jon og Sigrun Lerhol, fekk beskjed på sjukehuset då diagnosen vart stilt at det ikkje var troleg at han vart meir enn to år. 30 år på overtid og still going strong er ingenting anna enn fantastisk.

Eg har fulgt Løvemammaene ei stund på snap, og kjenner igjen mange av utfordringane dei har i sin kamp mot samfunnet for å betre deira barns livsvilkår. Lerhols bok burde lesas av mange, og kanskje særleg folk som bestemmer i dette landet. Velskrevet med mykje humor, og eit godt bilete på annerledeshet. Anbefales!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 220 sider | Forlag: Cappelen Damm |

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar