Det er ingen hemmelighet at eg liker tjukke bøker, og i disse karantene-tider kor ein bruker meir tid heime er det deilig å synke ned i ein god roman på slutten av dagen. Eg er av dei som av mange blir kalt helter for tiden for eg jobber i barnehage og tar imot barn av foreldre med samfunnskrevende yrker. Det er uansett ikkje til å stikke under ein stol at eg sakner kvardagen og lyden av leikande barn.
Så - over til tjukke romaner:
* Charles Dickens - Our Mutual Friend / Vår felles venn
Eg er veldig glad i klassiske britiske romaner, og Charles Dickens er ein stor favoritt. Eg har ikkje mange uleste igjen, og har lånt The Pickwick Papers (rett før bibliotekene stengte), men min absolutte favoritt er Our Mutual Friend. Den har alt ein god Dickens-roman skal ha - mystikk, samfunnskritikk, komplekse karakterer og ein liten dose romantikk.
* Leo Tolstoj - Anna Karenina
Anna Karenina stod for meg som ein roman som eg aldri kom til å fullføre om eg starta på den. Likevel starta eg og angrer ikkje. Det begynner å bli nokon år sidan eg las den, men eg har lyst til å lese den om igjen. Tolstoj har skrevet fleire gode romaner, og War and Peace er og av dei, men den er tung i motsetning til Anna Karenina. Sistnemnte flyter meget godt, og anbefales.
* Louisa May Alcott - Little Women
Dette er ein god amerikansk oppvekstroman i den klassiske sjangeren. Den er like aktuell i dag som då den vart skrevet, og liker du den har du eit arsenal av gode filmatiseringer å velge i etterpå.
* C.S. Lewis - Narnia
Min norske utgåve av Narnia er på 800 sider og inneheld alle bøkene. Eg har lest 4 eller 5 av dei og har faktisk eit bokmerke i den og eg aner ikkje når det bokmerket hamna der. Med andre ord så har eg eit par Narnia-bøker til gode.
* J.K. Rowling - Harry Potter
Den lengste Harry Potter-boka er nr 5, Harry Potter and the Order of the Phoenix, men tar du eit maraton har du mange sider å kose deg med. Eg nikoser meg kvar gong eg leser eller høyrer (anbefaler Stephen Fry som innleser på engelsk) HP, og kan det omtrent utenat. *nerd-alert*
* Sigrid Undset - Kristin Lavransdatter
Eg har ein engelsk utgåve i bokhylla på 1146 sider, og eg har aldri kjeda meg så intenst som då eg las/høyrte dei tre romanane om Kristin Lavransdatter. Eg las ein biografi om Sigrid Undset for fleire år sidan og innser at i nokon tilfeller liker eg betre å lese om forfatteren enn at eg liker romanane. Det er og tilfelle med Knut Hamsun. Når det er sagt så er bøkene godt skrevet og alt det der, men eg har ingen våt draum om middelalderlitteratur - det interesserer meg ikkje.
* Thomas Mann - Buddenbrooks. En families forfall
Er det ei bok som eg ønsker at fleire skal lese så er det Buddenbrooks. Den las eg på eit par veker for typ 5 år sidan, og før eg begynte laga eg ein oversikt over kor mange sider eg måtte lese per dag for å nå slutten på ein månad (det var snakk om lesesirkel). Den planen gjekk i vasken ganske kjapt for eg las boka ferdig på 14 dagar, og elsker den. Den er og årsaken til at Thomas Mann mottok Nobelprisen i litteratur i 1929.
* John Galsworthy - Forsyte-sagaen
For nokon år sidan gjekk det ein filmatisering av Forsyte-sagen på tv, og eg falt fullstendig. Familietragedier har alltid interessert meg (som kan vera årsaken til at eg liker slektsforskning) og Forsyte-familien har sin del av kjærlighet, hat innad i familien, merkelige ekteskap og utfrysing av familiemedlemmer.
Har du ei tjukk bok å anbefale?
XOXO
PS. Litteraturkritiker i NRK, Anne Cathrine Straume, har og ei liste over mursteinsromaner du kan bryne deg på. DS.
Yepp, jeg har tjukke bøker å anbefale, eller serier da.
SvarSlettOUTLANDER (Gabaldon) - Kjent for de felste (tv), men serien består av 8 TJUKKE bøker, lydbøkene er eminent lest, på engelsk (skotsk), styr langt unna de svenske.
Absolutt tiden til å ta for seg Kristin Lavransdatter eller Harry Potter. Så vanskelig å konsentrere seg at det er smart til å ty til 'klassikere'.
Må du høre svensk.
Wilhelm Mobergs Uvandrerserie. Også fantastisk lest, ikke like tjukke bøker som Outlander men serien består av 8 her også. Burde holde ei stund.
Jeg klapper for deg! <3
SvarSlettJeg har to tykke bøker jeg selv lurer på å begynne på. Det er Song for Eirabu av Kristine Tofte og Kristin Lavrandsdatter av Sigrid Undset. (Teknisk sett flere bøker, men jeg har dem i samleutgave) Så vi har den ene på samme liste :-) Jeg har ikke lest The Pickwick Papers selv om jeg er veldig glad i Dickens, så der er en tykk bok til. Jeg anbefaler også to fantasy/science fiction bøker til: The Hitchhikers guide to the galaxy av Douglas Adams(teknisk sett fem bøker) og The great book of Amber (teknisk sett 10 bøker) av Roger Zelazny. Begge to er fantastiske :-) Men Narnia fortjener også å bli lest ferdig.
Når det gjelder mer klassikere anbefaler jeg Øst for Eden av John Steinbeck. En fantastisk bok!
Stay safe and stay well <3