Søk i denne bloggen

søndag 26. april 2020

Read-a-thon minutt for minutt (#12)

Dette innlegget blir oppdatert underveis i maratonet!


Fredag 24. april:

Kl. 06.45 | Då Ann Helen frå The Archive of Bookish Things (ekstern lenke) la ut si lesebunke på Facebook kom eg på at det er lesemaraton denne helga. Det kunne ikkje ha passa betre då leselysten er på veg oppover, men eg trenger eit skikkelig løft. Eg har ei bunke med bibliotekbøker eg ikkje har lest, og ein haug uleste i bokhylla så her er det bare å leite fram eit par-fem stk.

Lesemaratonet er lørdag til søndag, offisiell starttid er 08.00 Eastern Time som betyr kl 14 på ettermiddagen her i Noreg, og varer 24 timer. Eg har deltatt fleire gonger med vekslande hell, og satser på gode lesetimer. Du kan melde deg på HER (ekstern lenke)!

Lørdag 25. april:

Kl. 08.15 | Det vil visa seg etterkvart om det å vakne av seg sjølv kl 7 (!) var lurt. For å halde ut lengst mogleg i kveld/natt burde eg så klart ha snudd meg rundt og sovet lenger. Men neida, denne damen tok på seg yttertøy og tok med seg morgonkaffien på tur.

Nå skal eg leite rundt i bokhylla etter bøker som kan friste under lesemaratonet, og etterkvart skal eg ut på lørdagstur med mor. Satser på å vere heime igjen til kl 14, men det er ikkje så vilt farleg om ikkje. God lørdag til alle!

Kl. 15.40 | Eg klarte ikkje å vera heime til kl 14, men ein halvtime seinare begynte eg å lese Helene Uris Hvem sa hva? og eg liker det. Meget interessant hvilket språk ein bruker avhengig av hvilket kjønn ein er.

Kl. 17.40 | Ein pause i Hvem sa hva?, og då har eg lest The Kingfisher Book of Children's Poetry. Det er ein antologi med over 250 dikt frå heile verda, og har stått i bokhylla mi i nærmare ti år - ulest. Eg ville like denne, men gjer dessverre ikkje det. Legger den ut på Bookis, og håper nokon andre føler seg kallet.

Søndag 26. april:

Kl. 11.25 | Det slår sjelden feil at når eg blir "tvunget" til å lese så mister eg leselysten totalt og bruker lørdagskvelden på ein halv sesong av Criminal Minds istedenfor. Rett før eg gir opp lesemaraton alltogether. Nå skal eg øyeblikk ut og ete med familien, så noko meir lesing blir det nok ikkje. Håper du har ei fin helg!

Bøker eg har lest i under maratonet:
| Hvem sa hva? | The Kingfisher Book of Children's Poetry (heile boka) |

Du kan følge mitt lesedøgn her:

XOXO

5 kommentarer:

  1. Ja,det var denne helgen det. Hadde egentlig tenkt å være med men her blir det ikke tid til mer enn lydbok i helgen for det er terrassevask/oljing og rydding på programmet. Godt å få sortert og ryddet før container kommer. Jeg får følge deg fra sidelinjen både her og på insta.

    Ha en god lesehelg,Elida :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Lykke til med terrassevasken og ryddinga! God lydboklytting, Beathe!

      Slett
  2. Lykke til Elida, håper du finner roen og får en fin helg :) Her er stolpejakten i gang, og jeg skal ut på tur i finværet og finne min aller første stolpe. Har Melkemannen på øret, som jeg satser på at jeg blir ferdig med. Fortsetter med Bergquist, Bergsveinn og Frisch når jeg kommer hjem. Nyt dagen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Tine! God tur på stolpejakt :-) Nyt dagen!

      Slett
  3. Dewey's Readathon er kjekt. :-) Skal selv bli med denne helga og får se hvor mye jeg får lest.

    SvarSlett