Hunter Biden (f. 1970) er ein amerikansk advokat og lobbyist, og den andre sonen til USAs president Joe Biden. Beautiful Things. A Memoir er hans første utgivelse.
Det er ikkje til å stikke under ein stol at me som ikkje er ein dagleg del av verdspressa syns at kjendiser er artige å lese om. Og når kjente mennesker kjem med bøker om seg sjølv så lar me oss rive med. Biden-familien kom inn i min sfære då Joe Biden vart visepresident under Barack Obama, men har lest og høyrt lite om resten av Biden-familien. Så vart Joe Biden president, barn og barnebarn ankom innsettelsen, og min interesse skaut fart.
Hunter Biden har vore eit relativt stille blad i norsk presse. Du har igrunnen måtte søke opp namnet i utenlandsk presse og det har ikkje eg prioritert. Så kom nyheten (via Guardian Books trur eg) at Biden skulle gi ut bok. Min tanke var at eg skulle ikkje lese den med det første, men så kom den i Storytel. Då var vegen kort.
Då Hunter Biden var to år døyr hans mor og veslesyster i ei bilulukke. Biden sjølv og hans eitt år eldre storebror, Beau, hamna på sjukehus med diverse skader. Fleire år seinare døyr Beau Biden av hjernekreft. Grunnen forsvant under Hunter Bidens liv fleire gonger, men det eskalerte då Beau døydde. Eit trøblete ekteskap og stadig større narkotikaavhengighet var livet til Hunter Biden i nokon år. Det gjer vondt å høyre Biden fortelje om korleis han køyrte gatelangs i Los Angeles på jakt etter kokain og crack; om lugubre hotellrom med diverse sengepartnere; og om avmakten som hans foreldre og døtre må ha kjent på. Det går heldigvis betre til slutt, og det ender godt. Eg satser på at det held seg slik det ser ut nå i livet til Hunter Biden. Forfattaren leser sjølv, og eg pleier å like det for det gir ein større dybde og personlighet i biografier/memoarer. Denne gongen derimot ynskja eg meg ofte ein anna innleser for Hunter Biden er monoton i stemmen, og virker uengasjert. Teksten og språket er godt, men innlesinga var platt og keisam.
XOXO
| Utgitt: 2021 | Format: Lydbok lest av forfattaren, 6t34min14sek | Forlag: Gallery Books |
Hei! Har ikke vært hørt om boka du skriver om her.
SvarSlettJeg har lest og blogget om aprilboka i 1001 bøker:Amerikansk forfatter. https://kleppanrova.blogspot.com/2021/04/erica-jong-jeg-tr-ikke-fly-fra-1975.html
Hilsen Ingun
Tenk å være uengasjert i sin egen bok. Hadde ikke hørt om denne boken, men nå har jeg det, takk Elida, og riktig god helg!
SvarSlettJeg begynte å høre i Storytel for noen uker siden, på svensk. Men jeg falt av lasset...
SvarSlett