Søk i denne bloggen

torsdag 1. april 2021

Lesesirkel 1001 bøker | Forfattar frå Amerika (Nord-, Mellom- og Sør-Amerika)


Det er 1. april, og tid for årets fjerde kategori i lesesirkelen. Kategorien i april er Forfattar frå Amerika, og her er det kun krav til at forfatteren er amerikaner. Min plan er Mark Twain med hyllestøveren Huckleberry Finn. Tiden vil vise om eg får lest/høyrt den innimellom langlista til den internasjonale Booker-prisen. Eg har fått spørsmål tidlegare om dette med land i og med at forfattere kan flytte på seg, og eg vil nødig vera den store stygge ulven og slå i bordet. Det viktigaste for meg er at bøkene blir lest, men lurer du er du hjarteleg velkommen til å spør om mi meining.

Eg vil i år som i fjor sjekke i det stille om boka du har valgt er på den offisielle lista, og mi liste er finsjekket og oppdatert så bruk gjerne den. Eg håper dykk set pris på at eg sjekker boka/bøkene dine, og eg ser og det er liv i emneknaggen #elidas1001lesesirkel på Instagram. I begynnelsen av oktober laga eg ei gruppe på Goodreads for lettare å få beskjed om kva den enkelte har lest i sirkelen. Bruker du Goodreads, men er ikkje medlem av gruppa og har lyst til det så gi beskjed så kan det ordnes!

Eg set stor pris på eit vink om du har lest i dei ulike kategoriane for sjølv om eg er (i mine auge) ekstremt god til å sjekke ulike sosiale medier så er det ikkje alt eg får med meg. Spør og grav om du lurer på noko, og premiering blir det garantert! God lesnad!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Det ble Hemingway på meg. Og solen går sin gang. Kanskje leser jeg en eller to til fra Amerika. Har begynt på en nå av Scott Fitzgerald, Nattens ømhet.

    https://artemisiasverden.blogspot.com/2021/04/og-solen-gar-sin-gang-av-ernest.html#more

    SvarSlett
  2. Hei. Har også lest Nattens ømhet av F Scott Fitzgerald: https://artemisiasverden.blogspot.com/2021/04/nattens-mhet-av-fscott-fitzgerald.html#more

    SvarSlett