Søk i denne bloggen

søndag 11. juli 2021

Bok: "Historier jeg bare forteller mine venner" av Rob Lowe

Rob Lowe (f. 1964) er ein amerikansk skodespelar, produsent og forfatter. I Noreg er han nok mest kjent for rolla som Sam Seaborn i den amerikanske TV-serien Presidenten (org.tittel: West Wing), men han hadde og ein rolle i 80-talsfilmen St. Elmo's Fire. Historier jeg bare forteller mine venner er hans første bok.

Rob Lowe var ungpikedrømmen på 80-talet. Barneskodespelar frå Ohio som i 8-årsalderen bestemte seg for å bli skodespelar etter å ha sett ein oppsetning av Oliver. I tenåra flytta han med mor og bror, skodespelar Chad Lowe, til Malibu i California, og vart nabo med familien Sheen. Mange dager og kvelder vart brukt til å lage kortfilmer med broren Chad, brødrene Chris og Sean Penn, og brødrene Emilio Estevez og Charlie Sheen. Fascinerande frå starten!

Det vart mange og lange audition-dager, og gjennombrotet lar vente på seg. Rob Lowe forteller med iver om alt som skjer i livet både på godt og vondt. For meg som er stor fan av film og kjente mennesker er det interessant å kome litt på baksida. Eg kan med handa på hjarte si at eg kan sjå føre meg 9/10 mennesker han skriver om. Eg vart faktisk ikkje merksom på Rob Lowe før eg såg Presidenten, men har sett ein del av det han har vore med i. St. Elmo's Fire er ein særdeles god film som absolutt kan sees i 2021. Det som imidlertid var ukjent for meg var hans månad på avvenning på slutten av 80-talet.

Den siste veka har eg lytta meg gjennom fleire episoder av podcasten Literally! with Rob Lowe (du finner den i Spotify) der Rob Lowe snakker med mennesker han er interessert i. Eg kan nemne Matthew McConaughey, Charles Barkley, Michael J. Fox, Maria Shriver og Aaron Sorkin. I denne podcasten snakker dei om eigne liv, kva dei har oppnådd og ikkje, og om nåtiden. Rob Lowe er stolt av fleire ting i sitt liv, blant anna sin rusavvenning, hans ekteskap og hans søner. Historier jeg bare forteller mine venner blir nemnt, og eg fant den så i Storytel. Det var interessante og til tider hjerteskjærande timer.

Rob Lowe fortel, og skjuler lite. Eg vart positivt overraska over kor mykje han faktisk fortel om, og eg trur at bøker som dette kan vera til inspirasjon både for dei som ønsker eit liknande yrke, og til dei som sliter med avhengighet. Rob Lowe har vore nykter i 30 år, og det står det respekt av.

Viss eg skal utsette noko på denne boka (og det er eigentleg bare min feil) er at innleseren av den norske utgåva var til tider svært monoton. Hadde eg vore litt lurere så hadde eg sett om eg fant ein utgåve av boka der Rob Lowe sjølv les inn (han gjer det med den andre boka si som eg skal lytte til etterpå) for eg syns det vart litt kleint og uengasjerande til tider. Anbefales om du liker Rob Lowe!

XOXO

| Originaltittel: Stories I Only Tell My Friends | Utgitt: 2011 | Norsk utgåve: 2015 | Omsetjar: Eivind Lilleskjæret | Format: Innbundet, 304 sider | Forlag: Cappelen Damm |

3 kommentarer:

  1. Jeg er gammel nok til å huske Rob Lowe fra hans glans dager "sukk"... Nå når alderen setter spor, er jeg nesten litt glad for at jeg ikke har levd av utseende mitt, sånn som Rob og mange andre.
    Ikke visste jeg at han hadde skrevet bok heller, men jeg skjønner at når en har levd et liv som ham.
    Fortsatt god sommer Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Han skriver godt, og eg har ei bok til frå han til gode. Podcasten hans er utrolig god til tider, eg har ikkje høyrt alle episodene for det er gjester som ikkje interesserer meg i lillefingeren eingong.

      Rob Lowe i hans glansdager, eg trur framleis han har sine dager der han gjer det som passer han best. Rolla i Presidenten er omdiskutert i podcasten hans, eg var ikkje klar over kor misfornøgd han var med regissøren. Interessant med tanke på kor mykje eg elsker den serien.

      God sommar, Tine!

      Slett
  2. Denne har eg skulle ha lese i årevis, og no skal eg fysisk gå og plukke boka ut av hylla og endeleg begynne. Eg hugsar godt Rob Lowe frå ungdomsfilmane på 80-talet, men fekk eit gjensyn med han i "Parks and Recreation" kor han viser at han også har eit komisk talent. Takk for tipset!

    SvarSlett