Det er 1. august, og tid for årets åttende kategori i lesesirkelen. Kategorien i august er Forfattar frå Asia, og eg er ganske snill om forfattaren er fødd på kontinentet og har flytta eller andre årsaker. Eg har planlagt å lese Rabindranath Tagores The Home and the World.
Eg vil i år som i fjor sjekke i det stille om boka du har valgt er på den offisielle lista, og mi liste er finsjekket og oppdatert så bruk gjerne den. Eg håper dykk set pris på at eg sjekker boka/bøkene dine, og eg ser og det er liv i emneknaggen #elidas1001lesesirkel på Instagram. I begynnelsen av oktober i fjor laga eg ei gruppe på Goodreads for lettare å få beskjed om kva den enkelte har lest i sirkelen. Bruker du Goodreads, men er ikkje medlem av gruppa og har lyst til det så gi beskjed så kan det ordnes!
Eg set stor pris på eit vink om du har lest i dei ulike kategoriane for sjølv om eg er (i mine auge) ekstremt god til å sjekke ulike sosiale medier så er det ikkje alt eg får med meg. Spør og grav om du lurer på noko, og premiering blir det garantert! God lesnad!
XOXO
Deltakere i sirkelen:
Det blir sikkert Murakami eller Ishioguro. Har ikke bestemt meg helt.
SvarSlettBegge er gode forfattere, så du kan ikkje trø feil med nokon av dei :-)
SlettJeg har lenge tenkt at jeg skulle gi Salman Rushdies "Sataniske vers" et forsøk. Han er jo født i India, selv om han har vært brite i mange år.
SvarSlettEg høyrer bare gode ting om Salman Rushdie, har kun lest "Luka og livets flamme" sjølv.
Slett