Søk i denne bloggen

torsdag 13. oktober 2022

3 x Penguin Little Black Classics | Hebel, Andersen og Kipling


#22 How a Ghastly Story Was Brought to Light by a Common or Garden Butcher's Dog er ei samling tyske fabler frå østerrikske Johann Peter Hebel. Det er 26 små fabler, og dei strekker seg frå 10 linjer til eit par sider. Handlinga i fablene spenner seg frå svindlere til uhell, mord, kjærleik, og Franz Kafkas favoritt. Det er underhaldande historier med ein moral til slutt.

#23 The Tinderbox er ei samling eventyr frå danske Hans Christian Andersen. Samlingen inneheld (med danske titler) Fyrtøjet, Lille Claus og store Claus, Prinsessen på ærten, Den standhaftige Tinsoldat, Nattergalen og De røde sko. Eg har lest samtlige ved ein tidlegare anledning, og syns dei alle er gode. Av disse nemnt her er eg spesielt glad i Den standhaftige Tinsoldat. Medan eg las den nå kunne eg høyre skodespelar Arne Bang-Hansen i hodet mitt for han hadde stemmen i Ivo Caprinos kortfilm frå 1955.

#24 The Gate of the Hundred Sorrows er tidlige historier frå britiske Rudyard Kipling. Forfattaren vaks opp i britisk-styrte India, og disse historiene er ein refleksjon av hans oppvekst. Eg har ikkje lest noko av Rudyard Kipling tidlegare, men dette pirra nysgjerrigheten min.


XOXO

| Forfattere: Johann Peter Hebel, Hans Christian Andersen og Rudyard Kipling | Utgitt: 1811, 1835, 1890 | Format: Heftet, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

1 kommentar:

  1. Se der ja, endelig igang igjen med de små Penguin-bøkene jeg misunte deg ;-) Kjekt å ha en sånn samling å ty til av ikke så altfor store mursteiner.

    SvarSlett