Søk i denne bloggen

lørdag 1. oktober 2022

Lesesirkel 1001 bøker | Victober


Det er 1. oktober, og tid for årets tiende kategori i lesesirkelen. Kategorien i oktober er Victober, og her er det ikkje eg som har satt reglene. Victober er eit internasjonalt lesemaraton der du skal lese viktorianske bøker gitt ut i Storbritannia og Irland i dronning Victorias regjeringstid. Her er det kun britiske eller irske forfattere som blir godkjent, eller andre forfattere som har budd i Storbritannia og Irland i dei åra. Eg har satt opp Rudyard Kiplings Kim som ein plan.

Eg vil i år som i fjor sjekke i det stille om boka du har valgt er på den offisielle lista, og mi liste er finsjekket og oppdatert så bruk gjerne den. Eg håper dykk set pris på at eg sjekker boka/bøkene dine, og eg ser og det er liv i emneknaggen #elidas1001lesesirkel på Instagram. I begynnelsen av oktober i fjor laga eg ei gruppe på Goodreads for lettare å få beskjed om kva den enkelte har lest i sirkelen. Bruker du Goodreads, men er ikkje medlem av gruppa og har lyst til det så gi beskjed så kan det ordnes!

Eg set stor pris på eit vink om du har lest i dei ulike kategoriane for sjølv om eg er (i mine auge) ekstremt god til å sjekke ulike sosiale medier så er det ikkje alt eg får med meg. Spør og grav om du lurer på noko, og premiering blir det garantert! God lesnad!

XOXO

1 kommentar:

  1. En anledning til å få fylt skambelagte hull i lesingen min. Jeg har bare lest én Dickens og én Brontë - spørsmålet var bare hva man skulle prioritere... Jeg har landet på "Stormfulle høgder" av Emily Brontë, i den nye nynorske oversettelsen fra Skalds fine klassikerserie.

    SvarSlett