Søk i denne bloggen

søndag 27. november 2022

"Friends, Lovers and the Big Terrible Thing" av Matthew Perry

Matthew Perry (f. 1969) er ein amerikansk skodespelar og manusforfatter. Han er mest kjent i rolla som Chandler Bing i TV-serien Friends, og frå andre filmer og serier. Biografien Friends, Lovers and the Big Terrible Thing er hans første utgivelse i bokform.

I 2021 såg eg gjenforeningen med Friends på TV, og ingen kunne la vere å sjå korleis dei ulike skodespelarane såg ut. Alle hadde eldes meir eller mindre med stil, også har du Matthew Perry. Halve kloden veit at Perry har gått opp og ned i vekt i takt med sesongane av Friends, men ingen visste kor gale det eigentleg var fatt. I begynnelsen av månaden kom biografien hans, og Matthew Perry skriver utan filter. 
You can track the trajectory of my addiction if you gauge my weight from season to season—when I’m carrying weight, it’s alcohol; when I’m skinny, it’s pills. When I have a goatee, it’s lots of pills.
Perry beskriver livet frå fødsel, hans vakre og unge foreldre, oppveksten i Canada og USA, og korleis han har hoppa bukk over døden fleire gonger. I midten av tjue-åra var han på rehabilitering for første gong, og det er høyst usikkert om det er siste gong. Det er rått og brutalt til tider, ein del skravling, men eit ønske om å få andre til å forstå.

Eg syns boka hans er meget ærleg, litt keisam til tider, og av og til litt vanskeleg å henge med, men alt i alt er den god. Med slike bøker kan det hende du ser på personen bak i eit heilt nytt lys, og Matthew Perry er intet unntak.

XOXO

| Utgitt: 2022 | Format: Kindle, 256 sider | Forlag: Flatiron Books |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar