Eg sitter med gråten i halsen store deler av boka. Det er ei open og ærleg storesøster som beskriver livet til veslesøster Kjersti. Kjersti Holmen som var ein av Noregs beste skodespelarar fekk Alzheimer i slutten av 50-åra, og døydde i 2021, 65 år gammal. Liv Holmen hadde vore enebarn i 12 år då ho vart storesøster til Kjersti. Eit par år seinare kom det ei veslesøster til. I forordet skriver Liv Holmen:
"Om lillesøstera mi, hun som ble født da jeg var 12 år, hun som fulgte meg som en skygge, som gråt når jeg gikk til skolen hver morgen, som jublet når jeg kom tilbake. Hun med krøller og smil og latter. Hun som alltid ville være der - trodde jeg."
Kjersti Holmen gjorde karriere på teateret, på film og i TV-serier. Fleire av oss har garantert ledd seg skakke ved synet av fru Klinke i farsen Den spanske flue, nikka med den frittalande Elna i TV-serien Vestavind og humra godt av Holmen i tospann med Hege Schøyen. Liv Holmen fortel om barndom og ungdomstid, om den flotte tanta Kjersti Holmen var og kor stolt ho var av alt veslesøster gjorde på scenen. Etterkvart går det over til frustrasjon over at Kjersti ikkje finner vegen ho har køyrt så mange gonger før, og om makteslausheten ved at veslesøster flytter til sjukeheim. Økernhjemmet i Oslo vart Kjersti Holmens siste stoppested, og her var det fint å vera.
Liv Holmen har snakka med viktige personer i Kjerstis liv. Venninnene Pia Borgli, Hilde Grythe, Ellen Horn, Birgitte Victoria Svendsen og Guri Schanke har vore bidragsytere til Kjerstis liv. Gutane, Isak og Elias Holmen Sørensen var samde om at tante Liv kunne skrive bok, og Kjersti Holmens samboer, Sverre Anker Ousdal, var ei viktig brikke i at boka vart til. I tillegg skriver Jon Selås, mangeårig kritiker og journalist i VG, om Kjersti Holmens karriere, og lege Anne Sofie Øksengård skriver om demens som den nye folkehelsesjukdommen.
Kjersti Holmen hegna om privatlivet sitt, og kva ho hadde sagt om denne boka får ein aldri vite. Mi meining er at den er både nyttig og lærerik, og viser ulike sider av korleis takle at ein nær person får demens. Det håper eg Kjersti Holmen og meiner. Anbefales!
XOXO
| Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 235 sider | Forlag: Pitch |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar