Ia Genberg (f. 1967) er ein svensk forfatter og journalist. Ho debuterte i 2012 med romanen Söta fredag og har etterpå gitt ut roman og novellesamling. Romanen Detaljerna kom ut i 2022, har blitt omsett til norsk, og Genberg mottok den høgthengande August-prisen for denne romanen. Ia Genberg har nå debutert i Booker-samanheng. Omsetjar Kira Josefsson er skribent, redaktør og omsetjar som jobber mellom svensk og engelsk.
The Details handler om fire mennesker: Johanna, Niki, Alejandro og Birgitte. Forteljaren er namnlaus, men i ein feberdøs erindrer ho disse fire personene som alle vart borte for ho i årenes løp. Den er godt skrevet, du blir dratt inn i handlinga, den er kort og grei, men muligens ein anelse for intellektuell for meg. Eg las den i januar, men dessverre var den fort lest og fort gløymt.
| Tittel: The Details | Originaltittel: Detaljerna | Utgitt: 2022 | Min utgåve: 2023 | Format: Innbundet, 140 sider | Forlag: Weyler (svensk), Oktober (norsk), Wildfire (britisk) |
Gabriela Wiener (f. 1975) er ein peruansk forfatter og journalist som bur i Madrid. Wiener har skrevet både romaner og sakprosa, og skriver jamnleg for spanske magasiner. Omsetjar Julia Sanches har omsett over tjue bøker frå spansk, portugisisk og katalansk til engelsk. I 2023 var Sanches saman med forfatter Eva Boulder på kortlista til den internasjonale Booker-prisen.
Undiscovered er ein delvis sjølvbiografisk roman, delvis fiksjon. Hovudpersonen/forfatteren mistenker at ho er i slekt med den østerriske oppdageren Charles Wiener, og bestemmer seg for å undersøke dette nærmare. Resultatet blir ei bok om familie, Perus dramatiske historie, Frankrikes kolonihistorie, sex, døden og spørsmålet henger alltid der. Er det tilfellet at Charles Wiener er opphavsmannen til familien? Eg har lytta til denne boka, og liker at innleseren har spansk aksent, men sjølve boka var ikkje min kopp te.
| Tittel: Undiscovered | Utgitt: 2021 | Min utgåve: 2023 | Format: Innbundet, 146 sider | Forlag: Pushkin Press |
Jenny Erpenbeck (f. 1967) er ein tysk forfatter. Ho har publisert fire romaner før den nominerte romanen Kairos. Omsetjar Michael Hofmann er og poet og anmelder. Han har publisert ei rekke diktsamlinger, og omsetter for det meste frå tysk.
Kairos handler om det dysfunksjonelle forholdet mellom 19-årige Katharina og 53-årige Hans. Dei møtes tilfeldig på ein buss i 1986 og held på med sitt hemmelige forhold i ti år. Det som i utgangspunktet ser det sjarmerende ut, men etterkvart viser Hans sin sanne side. Når Katharina i tillegg finner seg ein mann på alder med seg sjølv blir ikkje det godt tatt imot av Hans. Eg har ikkje lest noko anna av Erpenbeck, men eg har lest at Tysklands historie er eit element ho bruker i sine bøker. Det er eit godt element, men ikkje når det blir meir interessant enn det romanen eigentleg handler om. I tillegg syns eg romanen er for lang, og i enkelte tilfeller meget repetitiv.
| Originaltittel: Kairos | Utgitt: 2021 | Min utgåve: 2022 | Format: Innbundet, 319 sider | Forlag: Forlaget Oktober (norsk), Granta Books (britisk) |
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar