Søk i denne bloggen

tirsdag 31. desember 2024

Månadsoppteljing #115 | Desember i bøker

Desember var: Det er alltid kjekt å jobba med barn når jula nærmer seg. Frokosten er full av prat om rampenisser, adventskalender, julegåveønskjer og diverse. Gruppa mi har lest Pulverheksa og Julenissen og den er spennande både for liten og stor. Eg er ikkje så julete sjølv, så at januar nærmer seg passer meg heilt ypperlig.

I desember har eg lest: Eg har lest litt av alt, men må trekke fram memoarene til Kelly Bishop, og sakprosaen Nytten og gleden. Totalt ulike bøker, men så gode leseopplevingar.

* Kelly Bishop: The Third Gilmore Girl (lyd frå Nextory)
* Julia Donaldson og Victoria Sandøy (ill.): Juletreet (papir frå hylla) OTS
* Julia Donaldson og Axel Scheffler (ill.): Pinnemann (papir frå biblioteket)
* Dr Maria Mjaaland Sele: Den lille store filosofen og den store tanken (papir frå biblioteket)
* Karen M. Kilane og Hans Jørgen Sandnes (ill.): Mirakelpulveret (Familien von Humbug #1) (papir frå biblioteket)
* Odd Nordstoga: Spelemann (papir frå biblioteket)
* Mahmona Khan og Camilla Billett (ill.): Desember (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: I fjor var litt av en natt (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Fluenes gate (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Branngater (digitalt frå NB)
* Federico García Lorca: Dikter i New York (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Antecedentia (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Journalisten (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Min tredje muskel (papir frå biblioteket)
* Hilde Østby: Jeg elsker Dickens (papir frå biblioteket)
* Helene Uri og Tuva Synnevåg (ill.): Veien gjennom vinterskogen (papir frå biblioteket)
* Herborg Kråkevik (red.): Juleroser 2024 (papir frå hylla)
* Elisabeth Thorsen (red.): Julenatt 2024 (papir frå hylla)
* Angela Merkel: Freedom - Memoirs 1954-2021 (lyd frå Nextory)
* Hans D. Høeg: Vår mann i Washington (papir frå biblioteket)
* Kjerstin Aukrust, Trude Kolderup og Geir Uvsløkk: Nytten og gleden. Fransk litteratur gjennom tusen år (papir frå hylla) OTS
* Ingvild Hegge Eriksen: Dette forandrer alt (papir frå biblioteket)

I desember fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Jon Fosse: Teaterstykke 3 (papir frå biblioteket)
* Johann Hari: Tryllesprøyten (papir frå biblioteket)

I desember har eg kjøpt: Eg har ikkje kjøpt noko for eg ønska meg spesifikke bøker til jul, så under juletreet låg det nokon bøker.

* Maja Lunde og Lisa Aisato (ill.): Solvokteren (Årstidskvartetten #2)
* Tore Rem: Ironisk nok
* Prinsessan Christina fru Magnuson: Joséphine : avlägsen i tid – men nära mig

I januar skal eg: Eg tenker meg på ei rekke forfatterarrangement, så får tiden vise kva som faktisk skjer.

XOXO

6 kommentarer:

  1. Har bare lest Juleroser av dine denne gang. :) Ønsker deg et riktig godt nyttår Elida:) "Ses" på nyåret:)

    SvarSlett
  2. Har lest fire av disse. Ser at du har lest en del Niels Fredrik Dahl, det er en forfatter jeg kunne tenke meg å lese mer av.
    Jeg har kjøpt Nytten og gleden,ser frem til at den dukker opp i postkassen på nyåret. Den fristet du meg med når du la ut reel av utpakkingen, mer skal det ikke til, så ikke det minste rart at bunkene med bøker vokser.

    Takk for det gamle, Elida :-)
    Ser frem til å følge deg i 2025 òg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg fekk eit innfall då han mottok Nordisk råds litteraturpris så eg begynte med begynnelsen og skal lese resten nå på nyåret.

      Nytten og gleden har eg lest ferdig i romjula, og den var meget interessant. Nå skulle eg ønske nokon kunne skrive noko liknande om til dømes andre lands litteraturhistorie (kanskje nokon allerede har gjort det?) for dette ga meirsmak.

      Takk for det gamle, Beathe!

      Slett
  3. Å for en liste, ser du leser mange bøker av enkelte forfattere, er det en grei måte å bli kjent med noen på? Donaldson og Dahl tenker jeg på.
    Jeg har lest Julenatt og venter på Jeg elsker Dickens, likte du den?
    Godt nyttår Elida, håper du har en fin kveld enten du leser eller fester :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg fekk eit innfall om å lese Niels Fredrik Dahl etter han vant Nordisk råds litteraturpris. Liker best å begynne bakerst så då vart det slik. Eg syns det gir eit bilete av kor forfatteren begynte og kor det endte/fortsatte.

      Julia Donaldson skriver biletbøker og fleire av dei har eg lest saman med ungane på jobb, og Juletreet er bygga på den sanne historien om grantreet frå Oslo til London. Pinnemann er ein gammal favoritt som me har sett på skjerm eit par gonger (filmen fins hjå NRK Super).

      Jeg elsker Dickens hadde eg høge forventninger til, men dei vart dessverre ikkje møtt. Eg har tidlegare lest romaner der forfatteren bruker historiske personer og spinner ein fiktiv historie. I dette tilfellet syns eg ikkje det fungerte, men eg veit heller ikkje om det som er muligens historisk stemmer osv. Det rant ut i sanden for meg, men det betyr ikkje at du ikkje kan sette pris på den.

      Godt nyttår, Tine!

      Slett