Søk i denne bloggen

mandag 30. januar 2017

Bokhyllelesing 2017: "Fantastic Beasts and Where to Find Them - The Original Screenplay"

Forfatter: J.K. Rowling (f. 1965)
Utgitt: 2016
Format: Innbundet
Forlag: Little, Brown
Mål/utfordring: Blått omslag i Heddas bokhylleutfordring

Den britiske forfatteren J.K. Rowling er godt kjent for sine romaner om Harry Potter, og i fjor kom teaterstykket Harry Potter and the Cursed Child. Etter Harry Potter-serien har Rowling skrevet vaksenromanen The Casual Vacancy og held på med ein krimserie under pseudonymet Robert Galbraith.

Fantastic Beasts and Where to Find Them er ei skulebok som Harry Potter og vennene hans har på Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry. Forfatteren Newt Scamander er godt kjent i skolemiljøet, og i den originale boka har Headmaster Dumbledore skreve forordet. Den originale skuleboka er ein oversikt over ulike vesen trollmenn og hekser kan møte på, og ein introduksjon i faget Magizoology. Det lyser skulebok over den! Det som er morsomt med den utgåva eg har er kommentarane Harry og Ron Weasley (og ein sjeldan gong Hermione) har skrevet fleire stader i boka. Eit døme er ved overskrifta Werewolf har dei fortsatt med "aren't all bad" som refererer til Harrys fars venn og Harrys lærer Remus Lupin.

Så fant nokon på at det skulle lages film om Newt Scamander og hans Fantastic Beasts. J.K. Rowling debuterte som manusforfatter, og det er ikkje så galt. Eg har liten erfaring med å lese manus, og eg trur eg får meir utav boka når eg har sett filmen, men saman med Harry Potter-bøkene så høyrer denne heime i bokhylla. Det morsomme er at den dagen eg var på bokhandelen og kjøpte den så var eg den første den dagen som kjøpte akkurat den boka. Ein av dei ansatte hadde laga ein quiz om Harry Potter-universet som eg straks svarte på og eit par dager seinare fekk eg melding om at eg hadde vunnet konkurransen. Straks ned på bokhandelen og mottok nemnte skulebok. Festlige greier og litt utanom det vanlege! I filmen er det Eddie Redmayne som speler Newt Scamander og det er ein skodespelar eg liker. The Original Screenplay er nok for spesielt interesserte, men det var vel verdt mi tid. Anbefales!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Jeg har ikke lest (eller kjøpt) denne enda, men jeg har faktisk sett filmen to ganger allerede! Den er virkelig flott, selv om den ikke er feilfri, og den anbefales på det sterkeste! Jeg elsker Eddie Redmayne i hovedrollen som Newt Scamander. Har vel vært litt forelsket i han siden han spilte Jack i Pillars of the Earth, filmatiseringen av boken til Ken Follett (har du lest den forresten?). God mandag, Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingenting er feilfritt, og nå ser eg verkeleg fram til å sjå filmen.

      Eddie Redmayne forelska eg meg i då han spelte Marius i Les Miserables, men rolla i Pillars of the Earth var og bra. Eg har lest boka, men kun sett klipp av serien på Youtube då eg fekk litt nok etter å ha lest boka.

      God mandag, Camilla!

      Slett
  2. Jeg likte denne godt, bedre enn The Cursed Child. Tok litt tid før jeg ble vant til manuskriptstilen, men det gikk seg fort til. Nå må jeg bare se filmen!

    SvarSlett