Søk i denne bloggen

tirsdag 24. januar 2017

Bøker: "Karlsson på taket"


Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ilon Wikland (f. 1930, ill.)
Utgitt: 1955, 1962, 1968
Format: Innbundet, frå 123-150 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Lillebror får ein dag eit merkeleg besøk rett utanfor vindauget sitt i fjerde etasje i ein bygård i Stockholm. Besøket er ingen ringere enn Karlsson som har ein propell på ryggen. Vennskapet mellom dei to blir spesielt, og med den egoistiske Karlsson blir det fort skøyerstreker og forviklingar. Mor og far er glad for at Lillebror har ein kamerat, men det blir litt mykje til tider. I tre bøker skjer det ein heil del blant anna tjuver i nabolaget, fødselsdagsselskap, Karlssons første møte med fjernsynsboksen, husmorvikaren og onkel Julius.

Å lese barnebøker som vaksen kan by på ulike ting. Det kan by på morsomheter, men og på pur irritasjon. Karlsson på taket har aldri vore min favoritt; eg kan knapt huske at eg har sett dette filmatisert. Eg trudde alltid at søstra mi overdreiv når ho sa ho ikkje likte Karlsson på taket og kvifor ho ikkje likte han, men nå veit eg kva ho snakker om. Karlsson er ein egoistisk og frekk liten fyr (i sin beste alder) og dei fleste gongene gjer han ikkje livet anna enn surt for Lillebror. Det er nok meininga at bøkene om Lillebror og Karlsson skal vera av dei morosame Lindgen-bøkene, men den humoren har eg ikkje. Eg klarer simpelthen ikkje å like Karlsson på taket, men veit at det er betre historier der ute.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg husker også at jeg ble irritert av Karlsson da jeg så filmatiseringen. Han er ingen sympatisk fyr. Tror kanskje ikke jeg kommer til å lese bøkene. Frister ikke :/

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er så glad for at eg las Karlsson først, for etter dei bøkene så visste eg at det kom noko uendeleg mykje betre :-)

      Slett