Søk i denne bloggen

tirsdag 25. april 2017

Bok: "Another Brooklyn"

Forfatter: Jacqueline Woodson
Utgitt: 2016
Format: Lydbok, 2t43min32sek, lest av Robin Miles
Forlag: Harper Collins

Den amerikanske forfatteren Jacqueline Woodson har skrevet bøker sidan 1990-åra. Ho har skrevet mest for barn og unge, og Another Brooklyn er den andre romanen for vaksne sidan 1995. Ho har vore på lista til ei rekke litteraturpriser, og har blant anna mottatt National Book Award i 2014.

Another Brooklyn handler om August som etter 20 år vender tilbake til Brooklyn. Faren er døande av leverkreft og etter hans død og begravelse reiser ho til farens leilighet i New Yorks bydel. Her møter ho barndomsvenninna Sylvia, og minnene frå 70-åra strøymer på. August og broren var begge fødd i Tennessee, men etter moras sjølvmord flytta faren med begge barna til Brooklyn. Faren klarer ikkje å fortelje barna om moras skjebne, og forklarer at mora kjem i morgon, i morgon, i morgon. August er fascinert over byen, men lever eit skjerma liv. To år etter flyttinga finner faren Gud i form av islam, og eit nytt religiøst liv begynner. August og venninnene lærer tidleg at dei må finne sin eigen veg ut av Brooklyn, og mykje av livet deira utanfor heimen blir gjort i det skjulte.

Jacqueline Woodson maler eit bilete av eit Brooklyn i 70-åra der afroamerikanere framleis kjempa for sin plass i samfunnet. Det er ein roman om håp, om barndomsminner, om det å overleve, og den humpete vegen frå barn til vaksen. Eg fant Another Brooklyn på lista over Man Booker Prize Eligible 2017 (ekstern lenke), og det betyr lite om den kjem på nominasjonslista eller ei. Romanen har eg høyrt i eit strekk, og den er kunne godt vart ei god stund til. I tillegg er den glitrande lest inn, så finn den gjerne i Storytel. Anbefales!

XOXO

Som ei førebuing til Man Booker Prize i juli prøver eg å få med meg bøker på Goodreads Eligible-liste (ekstern lenke). Another Brooklyn er ein av dei mange bøkene som kan hamne på den gjeve lista.

2 kommentarer:

  1. Jeg har verken hørt om forfatteren eller boken. Den så veldig god ut, takk for godt tips!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hadde heller ikkje høyrt om forfatteren eller boka då eg fant den på MB-lista :-) Heldig med den!

      Slett