Søk i denne bloggen

onsdag 26. april 2017

Bok: "Brødrene Løvehjerte"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ilon Wikland (f. 1930, ill.)
Originaltittel: Bröderna Lejonhjärta, omsett av Jo Tenfjord
Utgitt: 1973
Min utgåve: 1979
Format: Innbundet, 228 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Brødrene Løvehjerte handler om brødrene Jonatan og Karl (Kavring) Løve som etter sin død hamner i det magiske Nangijala og den nydelige Kirsebærdalen. Lillebror Kavring trur at det er bare fryd og gammen i Nangijala, men det tar ikkje lang tid før han forstår at det er ikkje tilfellet. Onde krefter råder i utkanten av den koselege dalen, og det tar ikkje lang tid før begge brødrene må ut i kamp mot det onde.

I boka meiner dei onde ridderne at Kavring har nok ikkje eit løvehjerte, snarere eit harehjerte. Det kjente eg at eg hadde i går kveld då eg las ferdig boka om brødrene Løvehjerte. Gutane er inspirert av eit par gravstøtter på kyrkjegarden i Vimmerby (står det å lese i barnebiografien til Bjorvand og Aisato), men eg tviler på at det var så spennande å vera dei to gutane. Brødrene Løvehjerte er full av håp og kjærleik, men og det onde i verda, om overtru og vanskelege tider. Boka er ikkje på mi favorittliste, men det er ikkje fordi den ikkje er spennande, men fordi den er litt for spennande og skummel for mitt harehjerte. Anbefales!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Lenge siden jeg har lest den. Men husker jeg leste den som barn :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har aldri lest den som barn, men trur eg leste den for 7-8 år sidan utan at eg er sikker.

      Slett
  2. Denne husker jeg godt at mamma leste for meg da jeg var liten. Den gjorde inntrykk. Har lest den i voksen alder også, og synes fortsatt den er skummel, trist og fin.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har aldri lest den som barn. Av Lindgren-bøker me hadde i hus var det Saltkråkan, Pippi, Emil, Bakkebygrenda og Madicken som gjekk igjen. Den var kjempeskummel syns mitt harehjerte.

      Slett