Søk i denne bloggen

lørdag 8. april 2017

Book Buying Tag

Eg ser mange tags rundt på YouTube, men akkurat denne fant eg hjå Windblown Pages. Eg syns tags er interessante å besvare, og interessante å lese så viss du føler for å svare sjølv legg gjerne igjen ein kommentar slik at eg kan lese dine svar.

* Kor kjøper du bøker? Litt overalt eigentleg, men eg prøver i stor grad å støtte min lokale bokhandel som har dei skjønnaste damene i kassen.

* Forhåndsbestiller du bøker, og viss du gjer, gjer du det i butikk eller online? Det hender eg gjer, og dei siste åra har eg bestilt i nemnte bokhandel. For meg handler ikkje forhåndsbestilling om å få boka fortast mogleg, men heller om det faktum at eg blir redd for å ikkje få boka i det heile tatt.

* Kor mange bøker kjøper du i gjennomsnitt i månaden? Det varierer veldig - alt mellom 2 og 10. Er eg på reise i løpet av månaden blir det fort fleire enn ein månad der eg kun er heime.

* Benytter du ditt lokale bibliotek? Så absolutt! Eg er av dei som til stadighet bestiller bøker i nettkatalogen, som først sjekker biblioteket før bokhandelen når ei bok kjem ut, og er nok innom mitt nærmaste bibliotek mellom 2 og 4 gonger i veka.

* Viss ja, kor mange bøker låner du om gongen? Det varierer. Akkurat nå har eg 10 bøker og 2 tv-serier liggande.

* Kva er di meining om bibliotekbøker? Biblioteket er ein fantastisk plass som ofte har alt eg kan tenke meg. Dei gir meg mulighet til å lese bøker eg muligens ikkje hadde lest fordi eg hadde ikkje hatt verken råd eller plass til dei.

* Kva syns du om brukte bøker? Både og. Eg har etterkvart ein del brukte bøker då eg handler ein del på biblioteksal, men eg er mest glad i nye bøker som ingen har lest i tidlegare.

* Står dine leste og uleste bøker saman? Ja, det gjer dei. Min ryddige og kronologiske sans har ikkje samvittighet til å dele opp serier eller bøker av samme omslag/innbinding.

* Planlegger du å lese alle bøkene du eiger? Så absolutt, viss ikkje hadde eg ikkje kjøpt dei i utgangspunktet.

* Kva gjer du med bøker som du eiger, men som du ikkje føler for å lese eller ikkje klarte å like? Eg gir dei vekk til veldedige formål eller til venner og kjente som kan like dei.

* Har du donert bøker nokon gong? Eg har donert til bookcrossing og bokbyttebord på bokbloggtreff blant anna.

* Har du nokon gong hatt bokkjøpestopp? Aldri bevisst, men det hender eg ikkje kjøper bøker ei lang stund. Eg trur dessuten at eit bevisst stopp hadde fått motsatt effekt.

* Føler du at du kjøper for mange bøker? Vanskeleg spørsmål. Dei bøkene eg kjøper har eg veldig lyst til å lese, samtidig så minker det på bokhylleplassen. Eit pluss er at det er alltid noko å lese. Spør du mi mor får du eit totalt anna svar...

XOXO

4 kommentarer:

  1. Denne måtte jeg jo prøve meg på - selv om jeg egentlig synes det er tryggest å ikke tenke for mye over bokinnkjøpene mine... ;) (https://hildesol23ting.blogspot.no/2017/04/om-bokinnkjp.html)

    SvarSlett
  2. Kult, jeg kopierte denne jeg! Gøy å lese hva andre tenker om hvilke bøkene de kjøper og eier :)

    SvarSlett
  3. Har svart på dem jeg også :-) :-)

    SvarSlett