Søk i denne bloggen

søndag 30. april 2017

Read-a-thon minutt for minutt (#4)

Litt på overtid starter eg på Dewey's readathon. Planen min var å vere heime til kl 14, for eg og mor skulle bare ein kjapp tur til Sandnes. Det endte med kafébesøk, hagesenterbesøk og besøk hjå ei tante som har bursdag i dag. Nå er klokka litt over 16, og eg høyrer ei bok eg begynte på i går i skrivande stund. Planen min er å lese ein heil del, men det nytter ikkje å sitte oppe i 24t. Då er eg heilt ødelagt dagen etter, og med ein kraftig forkjølelse i tillegg (fotballkamper i april byr på det meste) så trenger eg søvn.

Det er fleire bokbloggere eg følger som leser samtidig som meg, og eg gler meg til oppdateringer frå dei, samstundes som Twitter, Instagram, FacebookGoodreads og Dewey's nettside (ekstern lenke) blir oppdatert.

Dette innlegget blir oppdatert utover i maratonet, og det første eg skal i gang med (utenom bloggene som er oppdatert) er Astrid Lindgrens Mesterdetektiven Blomkvist. Eg har i grunnen ikkje ei lesebunke, men leiligheten flyter over av uleste bøker om dagen (både frå biblioteket og nyinnkjøpte).

_________________________________________________________________________

Kl. 16:20: Høyrer på Bibbi Bokkens magiske bibliotek medan eg les blogger, og oppdaterer meg litt på overtid.

Kl. 20:30: Dei siste timane har eg lagd middag og åte den, og lest heile Mesterdetektiven Blomkvist. Den har eg lånt på biblioteket og som regel er gleda stor når eg finner nynorske utgåver, men denne var dårleg omsett til nynorsk. Det er fleire ord eg stusser på, og lurer på kvifor dei har omsett dei på måten dei har.

Kl. 22:58: Etter forrige bok begynte eg på Amos Oz Judas som er på kortlista til den internasjonale Bookerprisen. Den er interessant, men hodet mitt er fullt av bomull så eg kryper til køys med ei lettare bok (litt tidlegare enn planlagt). Planen for morgondagen er masse lesing! Natta :-)

Kl. 08:40: Mor ringer og vekker meg (veldig uplanlagt, men veldig greit). Etter ein kort samtale koker eg kaffi og er klar for å lese meir.

Kl. 14:00: Lesemaratonet er over! Eg har i løpet av 24t lest to bøker. Vart ferdig med Amos Oz Judas for få minutter sidan.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Du begynte med lydbok? Jeg tenkte å bytte til lydbok hvis jeg blir rastløs eller når det passer å gå tur. Kan f.eks. pusle litt mens jeg hører lydbok. Det er fotballkamp i dag også, vet ikke helt hvordan jeg skal løse det. Kanskje høre lydbok mens jeg ser på kampen uten lyd på tv'en.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg begynte med den sidan eg var litt på overtid, men bytta til papir etter innlegget var skrevet. Eg hadde sett fotballkamp med lyden på og lest i boka ved siden av, men det er meg. Eg leser når seg ser film og serie og eg, men muligens ikkje i kveld ;-) Kanskje eg må sjå noko litterært for at det skal gjelde? Ein filmatisering av Dickens eller Brontë til dømes ;-)

      Slett