Utgitt: 2017
Format: Innbundet, 343 sider
Forlag: Bloomsbury
Den amerikanske forfatteren George Saunders debuterte i 1996, men er mest kjent for novellesamlinga Tenth of December (2013) som han mottok Folio-prisen for. Med Lincoln in the Bardo debuterte han forrige månad på Booker-prisens langliste.
Den amerikanske borgerkrigen herjer i USA, og Abraham Lincoln har ikkje sittet lenge som president. To av sønene, Willie og Tad, har lenge vore sjuke med feber, men den yngste har komt seg på beina igjen. Willie derimot blir verre for kvar dag som går, og verken leger eller foreldre veit si arme råd. Presidenten og frue held eit stort selskap i februar 1862, og er stadig innom Willie for å sjå til han under selskapet. Då Willie døyr kort tid seinare angrer presidenten stort for at selskapet vart fullført. Guten blir lagt til kvile i ein krypt på kyrkjegarden, og rapporter kjem inn om at presidenten stadig vekk er på kyrkjegarden.
Og det er her historien spinner ut i det overnaturlege. Willie Lincoln finner seg sjølv fanga mellom livet og døden - i ein tibetansk tradisjon kalla 'bardo' - og ser seg sjølv bli haldt og grått over av den sørgande faren. I løpet av ei natt kjem det fram både kjente og ukjente skikkelser, eller spøkelser, og alle har sitt å seie om livet, døden, presidenten og ein heil del anna.
Boka er skrevet i sitatform, korte setninger eller lengre avsnitt. Det er ein interessant måte å lese på, og ei heilt ny oppleving, men eg får veldig lite med meg. Historien er god, sårbar og trist til tider, men også morsom og underhaldande, men eg føler eg mister noko på vegen. Eg syns amerikanske presidenter er veldig interessant å lese om, men denne måten, dog i fiksjonform, fungerer ikkje for meg. Les gjerne Ann Helens anmeldelse, så får du vite meir om dei ulike skikkelsene (ekstern lenke).
XOXO
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar