Søk i denne bloggen

mandag 23. oktober 2017

Bok: "Rasmus, Pontus og Trille"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Eric Palmqvist (ill.)
Originaltittel: Rasmus, Pontus och Toker, omsett av Jo Tenfjord
Utgitt: 1957
Min utgåve: 2004
Format: Innbundet, 245 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Elleve år gamle Rasmus bur i lag med mor, far og storesøster Patricia (kallenamn Prikken) i Vestervik i Sverige. Rasmus er meir glad i det glade livet enn matematikktimer på skulen, men med ein politifar blir han nødt til å halde seg på matta ganske ofte. Då det årlege vårmarkedet går av stabelen drar Rasmus og bestevennen Pontus bort for å sjå den verdsberømte sverdslukaren Alfredo. Møtet blir alt anna enn behageleg, og det er opptakten til ei spennande bok med barnedetektiver i spissen.

Då eg bestemte meg for å lese Astrid Lindgren visste eg ikkje at denne boka fantes, og då den vart oppdaga trudde eg lenge at det var oppfølgaren til Rasmus på loffen. Så feil kan ein ta! Då sistnemnte vart oppdaga som feil vart eg litt skuffa, og eg er redd denne skuffelsen sat igjen under lesinga av boka. Rasmus, Pontus og Trille minner veldig om Mesterdetektiven Blomkvist som vart skreve ti år tidlegare (og som eg ikkje likte nemneverdig), og nok ein gong er barn i søkelyset for detektivhistorier. Sjølv om eg ikkje falt for den så trur eg den er spennande for både guter og jenter den dag i dag. 

XOXO

2 kommentarer:

  1. Åh.. Astrid Lindgren. Har ikke lest bøker av henne siden jeg var veldig mye yngre. Nå får seg satse på barnebarn om 10 års tid. Jeg tror Astrid Lindgren er tidløs, så jeg får bare spare på bøkene jeg faktisk enda har i hylla. Noe er for nostalgisk å kvitte seg med... Når det er sagt, så kjente jeg heller ikke til denne. Leste du den under Read-a-ton? Så du hadde vært med. Jeg må forsøke å kaste meg på en slik en neste gang. Likte godt da vi hadde den norske versjonen. Det begynner å bli noen år siden :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hadde aldri kvitta meg med Astrid Lindgren, men det er enkelte bøker som eg trur passer betre til barn enn til vaksne. Der scorer Roald Dahl fleire poeng for dei aller fleste (om ikkje alle) bøkene hans eg las i fjor passa både barn og vaksne.

      Eg las denne før readathon, men har hatt litt skrivesperre av den...

      Dewey's Readathon er to gonger i året så neste sjanse er i april :-)

      Slett