Søk i denne bloggen

søndag 22. oktober 2017

Read-a-thon minutt for minutt (#5)


Eg har vore litt fram og tilbake dei siste dagane om eg skulle vera med, og det toppa seg på torsdag då familien inviterte seg sjølv på kvelds i dag. Eg har meldt meg på, og satser på lydbøker når eg lager mat, og leser når dei har gått heim i kveld, også har eg heile morgondagen. I Noreg starter maratonet klokka 14, og det er igrunnen ei fin tid å starte på. Klokka 6 i morges var eg heilt i ørska og måtte sjekke almanakken før eg fant ut at det er laurdag i dag. Gjekk då tilbake til senga og sov eit par timer til.

Dette innlegget oppdaterer eg utover dagen og morgondagen! Kikk gjerne innom instagramkontoen min @elidaleser og nettsida til maratonet.


Laurdag 21. oktober

Kl. 14.00 - Me er i gang, og første bok ut er Kristin Storrustens diktbok Barsel som eg henta på biblioteket i formiddag.

Kl. 15.00 - Lest ferdig Barsel, og begynner på Maria Parrs Keeperen og havet.

Kl. 18.30 - Eg har lest halve Keeperen og havet, satt middagen i ovnen, dekka bordet og skifta frå kosetøy til meir presentabelt besøksantrekk. Eg skal lese videre i boka fram til besøket kjem, og jage dei heim om nokre timar slik at eg kan lese meir. Håper dykk har ein fin laurdagskveld :-)

Kl. 22.10 - Besøket har nå endeleg gått heim, og eg fortsetjer på Keeperen og havet så lenge eg kan halde auga oppe. Eg har dei siste månadane blitt fryktelig gammel, og legger meg i 22-tida, men eg skal prøve i det lengste å halde ut eit par timer til.

Kl. 22.50 - Det gjekk kjapt å lese ferdig Maria Parr, og for ei herleg bok. Nå skal eg ta for meg biografien om Julius.

Kl. 23.45 - Meget bra begynnelse i biografien om Julius, men augene glir meir og meir igjen. Senga kaller!

Søndag 22. oktober

Kl. 09.45 - Det vart seinare enn eg hadde tenkt, men vekkerklokke på ein søndag er bare vas. Nå skal eg finna meg frokost og lese videre om Julius.

Kl. 13.15 - Julius-biografien er ferdiglest. Eg syns den var lettlest og god, og det er ein interessant historie "bak kamera". Eg som barn ante ingenting om livet til Julius utanom store vellykka medieoppslag, og syns oppriktig synd på Julius som ikkje har hatt det for lett i livet. Etter Julius heiv eg meg over ei reiseskildring frå Statene ført i pennen av ein lokal forfatter. På stive hjul i Amerika er ei flott bok med nydelige fotografi og gode tekster.

Kl. 14.05 - Readathon er over for denne gong, og eg har lest 780 sider fordelt på fire bøker. Grovt rekna har eg lest 9 og ein halv time. Det er ikkje så mykje, men eg har kost meg dei timane. I morgon skal eg levere eit lass med bøker til biblioteket og det ser eg fram til for leiligheten har vore litt overfylt av biblioteksbøker i det siste. Ses til neste gong!

Tørre fakta:

* Kristin Storrusten: Barsel (63 sider)
* Maria Parr: Keeperen og havet (235 sider)
* Alfred Fidjestøl: Nesten menneske. Biografien om Julius (243 sider)
* Dan Cato Olsson og Johannes Worsøe Berg: På stive hjul i Amerika (239 sider)

XOXO

5 kommentarer:

  1. Jeg må bli flinkere til å orientere meg om når disse maratonlesningene finner sted. Men igjen, jeg følger deg fra sidelinjen. Barsel har jeg lest. Har forresten begynt på Feberdrøm i dag, en forvirrende men veldig spennende bok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at du følger med! Barsel var meget god, sjølv for meg utan barn og utan planer om barn. Keeperen og havet er og meget bra, så det lover godt for neste års bokbloggerpris.

      Feberdrøm las eg tidlegare i år, utan å forstå fælt mykje av den.

      Slett
    2. Nesten 800 sider på nesten 10 timer,da leser du fort. Jeg hadde kanskje klart ca 500 sider. Biografien om Julius kunne jeg tenke meg å lese så jeg får se hva jeg får tid til fremover. Kunne tenke meg å lese flere norske romaner med tanke bokbloggerprisen men så vil jeg lese litt booker og andre oversatte bøker også.

      Feberdrøm leste jeg ferdig i morges og jeg likte den godt når jeg først var kommet over at den kunne virke forvirrende til å begynne med.

      Slett
  2. Har aldri vært med på Read-a-thon! Jeg får følge med neste gang og forsøke meg på det jeg og. God søndag!

    SvarSlett