I fjor satt eg på nyttårsaften og høyrte korte bøker via Storytel for å nå Goodreads-målet om 150 bøker. I år derimot er eg ei i skrivande stund ei bok frå målet, og det 12 dager før nytt år. Likevel er det ikkje snakk om å ta det stille på lesefronten for eg har ein masse eg ville ha lest før det nye året ringer inn.
Først er det julebøker! Eg har ei fin bunke som inneheld korte historier, og korte romaner. Charles Dickens A Christmas Carol er sjølvsagt med, saman med Nikolaj Gogols The Night Before Christmas. Ei lita øskje med Selma Lagerlöfs julehistorier er og med i år og den gler eg meg til.
I tillegg har eg lyst til å begynne på Dickens Nicholas Nickleby, eg har ein ny biografi om kronprins Frederik av Danmark (og eg er såpass desperat at eg har kjøpt den på dansk då det er høyst usikkert om den blir oversatt til norsk), eg har fleire bibliotekbøker ... og slik går no dagan :-)
Eg skal jobbe i romjula, men først er det fire dager med heilt fri, og eg gler meg! I går pakka eg inn siste rest av julegavene, og til neste år blir det gaveposer på heile gjengen for eg er ingen innpakker. Kunne likegodt fått ungane på jobb til å pakke inn for slik ser det ut ;-) I dag har eg tatt julevasken hjå farmor og det er ein glede å høyre at det ser bra ut. Slike ord er verdt ein heil del!
Har du leseplaner for jula?
XOXO
Fri uken før jul? for en velstand! Spennende å se at du leser julebøker før jul, kanskje jeg skal se om jeg kan finne noen av dem jeg har lest før, men jeg har ikke tradisjon for sånt. God førjulstid Elida!
SvarSlettNei, eg jobber denne veka, har vore hjå farmor etter jobb ;-)
Slett