Søk i denne bloggen

lørdag 9. desember 2017

Reading habits tag

Det er litt stille her om dagen. Travle dager på jobb fører til total avslapping heime, men eg leser altså. Prøver å ta det litt roligere enn i november, og det fungerer så langt. Silje har ein video på YouTube med ein reading tag, og den har eg skrevet mine svar på her (eg har og oversatt spørsmåla).

1. Har du ein spesiell leseplass heime?
Leser som oftast i sofaen eller i senga før eg legger meg, men har og ein veldig god stol som eg bruker til tider.

2. Bokmerke eller tilfeldig papirbit?
Eg har blitt flinkare med åra til å bruke bokmerker for å merke kor i boka eg er, men eg er og fæl til å bruke eseløyre (årsaken kjem lenger nede).

3. Kan du stoppe og lese midt i eller må du vente til kapittelet er slutt/x antall sider?
Eg liker best å avslutte når kapittelet er slutt, og når eg les på senga sjekker eg alltid kor langt neste kapittel er for å sjå om eg rekker det før eg burde legge meg til og sove.

4. Eter eller drikker du medan du les?
Drikker mykje kaffe medan eg les, men eter lite.

5. Høyrer du musikk eller ser på TV medan du les?
Begge deler, men det kjem an på boka og mediet og humøret. Nokre dager er det fint med musikk (men ikkje musikk som eg kan teksten på), andre dager trenger eg stillheten. TV fungerer og, men då bør eg helst ha sett det før.

6. Ei bok om gongen eller fleire på ei gong?
Eg prøver i det lengste å lese ei bok om gongen, og eg har blitt betre, men av og til må eg bare begynne på ei ny bok. Det eg ofte har er ei papirbok/kindle og ei lydbok som eg veksler mellom.

7. Leser du heime eller alle andre steder?
Eg leser både heime og på kafé, men på kafé kjem det an på boka. Er den tung så nytter det som regel ikkje. Charles Dickens til dømes fungerer ikkje på kafé for meg.

8. Leser du høgt eller stille inni deg?
Når eg les for meg er det som oftest inni meg, men er det ein god dialog kan det hende eg leser den høgt for meg sjølv. Leser ein god del på engelsk, og høgtlesing bidrar til betre uttale.

9. Leser du fleire avsnitt om gongen eller hopper over sider?
Har eg lest boka før kan det hende eg hopper litt framover, men prøver i det lengste å få med meg alle orda.

10. Knekker du bokryggen eller behandler boka som om den var ny heile tida?
Det har eg ikkje tenkt noko særleg på igrunnen, for eg syns bøker skal sjå lest ut. Eg er meir redd for flekker frå kaffekoppen enn ein knekt bokrygg.

11. Skriver du i bøkene dine?
Eg merker av og til gode avsnitt/sitater med penn, og medan eg les bruker eg eseløyre som markør viss eg ikkje har penn i nærleiken.

XOXO

4 kommentarer:

  1. Ja! Du bruker penn du og, Elida!

    Og så flott at du gjorde taggen, jeg liker svarene dine.
    <3

    SvarSlett
  2. Sitter du alene eller med noen når du leser på kafé. Kunne tenkt meg å prøve det, men er redd for å føle meg litt merkelig om jeg leser alene på kafé. (Selv om jeg ikke tenker slik om folk selv..)

    Gjør akkurat det samme med eselører, så jeg kan finne igjen favorittsitater!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg går ofte på kafé åleine rett og slett for å lese. Det er mindre distraksjoner på kafé, ingen klesvask eller oppvask som burde vore gjort til dømes. Eg har aldri tenkt at det var merkelig, folk les jo aviser på kafé så kvifor ikkje bok? Liker eseløyrene dine :-)

      Slett