28. desember i fjor starta eg på første boka med Stephen Frys stemme, og i går høyrte eg ferdig den siste. Det er med andre ord snakk om 43 dager med Stephen Fry, og eg tenker at når bøkene blir stadig tykkere er det ganske imponerande over så kort tid. Det er to år sidan eg sist høyrte Harry Potter, og det er ein årsak til det. Når eg høyrer Harry Potter går eg umiddelbart frå bok ein til bok to til bok tre også videre. Det er ikkje snakk om å høyre ei anna bok mellom to HP-bøker, neida, pløyer gjennom alt på ei gong. Det i seg sjølv er meget interessant for du får med deg fleire detaljer som spenner over fleire bøker, på den andre sida kan det bli litt einsformig.
Når får du tid til å høyre så mykje spør du kanskje? Eg kan fint skru av TV-en og bare høyre lydbok ein ettermiddag og kveld. Eg høyrer når eg lager middag, strikker, spiller spill på iPaden, gjer reint, skriver blogginnlegg og før eg legger meg (snoozefunksjon i Storytel). Fordelen med å ha lest det så mange gonger som eg har er at eg gidder sjelden å spole tilbake om eg går glipp av noko.
Innimellom kjem eg over hendingar som eg hadde gløymt, og det eg har oppdaga denne gongen er at bøkene er så undeleg mykje betre. Det er noko eg igrunnen alltid har visst i bakhodet, men spesielt nå med den sjuende boka så er den mykje meir spennande enn filmen. Det skal så klart noko til for å lage ein eksakt kopi av boka, men det er ein heil del eg gjerne skulle hatt på film.
I siste boka er det mange dødsfall som eg ikkje skal gå inn på for eventuelt nye lesere av HP, og det er ikkje fritt for at både gledestårene og sorgtårene sitter laust fleire gonger. I går kveld var det gledestårer då eit avsnitt eg hadde totalt gløymt av kom frå høgtalaren. Det skal få avslutte dette innlegget, og nå er eg klar for andre gode lydbøker. Ses snart, Harry!
The house-elves of Hogwartz swarmed into the Entrance Hall, screaming and waving knives and cleavers, and at their head, the locket of Regulus Black bouncing on his chest, was Kreacher, his bullfrog's voice audible even above this din: "Fight! Fight! Fight for my master, defender of house-elves! Fight the Dark Lord, in the name of brave Regulus! Fight!" (side 588 i HP #7)XOXO
<3 Samme kjærlighet for Harry Potter her. Enig i at bøkene er i en helt annen klasse enn filmene, selv om jeg liker å se filmene også. Jeg prøver å la det gå litt tid mellom hver gang jeg leser serien på nytt (ellers er jeg litt redd for å ikke ville lese noe annet), men nå har det gått to år og jeg tror det er lov igjen altså!
SvarSlett