Søk i denne bloggen

søndag 29. juli 2018

Booker-longlist 2018: "Snap" av Belinda Bauer

Den britiske forfatteren Belinda Bauer (f. 1962) har vokst opp i England og Sør-Afrika, og bur nå i Wales. Ho har skrevet ei rekke kriminalromaner, og fleire av dei er oversatt til norsk. Bauer har og vore i Oslo under Krimfestivalen for nokre år sidan. Snap er hennar nyaste roman, og vart langlista til Booker-prisen førre veke.

I Snap møter me Jack, Joy og Merry som er på veg for å handle nye sko saman med den gravide mora Eileen. Midt på landevegen stopper bilen, og Eileen Bright forlater sine barn for å gå lenger opp i vegen og ringe etter hjelp. Det siste ho seier til elleveåringen Jack og småsøstrene er Jack's in charge. Eileen kjem aldri tilbake igjen, søsknene vandrer langs vegen, og det neste som skjer er i huset der politiet har dukka opp. Tre år seinare livnærer Jack og søstrene seg på det som Jack stjeler, huset ser flott ut på utsiden og tilsynelatende er alt greit. Virkeligheten er slettes ikkje slik - huset innvendig er infestert med mus og edderkopper, skulegang er eit ikkje-tema og faren har stukket av.

På andre kanten av byen våkner gravide Catherine While opp i senga med ein kniv ved siden av hodeputa. Den har ho slettes ikkje lagt der sjølv for beskyttelse, men ein innbrotstjuv har vore i huset. Ho forteller det ikkje med ein gong til ektemannen, Adam, men etterkvart kjem det for ein dag. Mordet på Eileen Bright er ikkje oppklart tre år seinare, men DCI John Marvel er på jakt etter ein innbrotstjuv som har gjort store ødeleggelser over halve byen. DS Reynolds kjem til Marvels politistasjon fordi han er flytta på, og er på jakt etter ein stor sak som kan føre ham tilbake til der han eigentleg jobba. Kan denne innbrotssaken hjelpe han?

Snap er meget handlingsbasert derfor vil eg ikkje avsløre meir enn dette. Lause tråder dukker opp i begynnelsen, men blir nøsta saman til slutt. Det mest interessante med Snap er måten den slutter på. Blir saken oppklart? Får søsknene tilbake faren? Kva skjer med Catherine? Spørsmåla etter romanen er slutt er faktisk mange, og det fører meg til spørsmålet: Kjem det fleire bøker om Jack Bright?

Kriminalromaner er ikkje kvardagskost på Booker-lista, og om den fortener ein plass på kortlista gjenstår å sjå. Samstundes syns eg ikkje Snap er kun ein kriminalroman, den kan og lesas som ein oppvekstroman. Tenåringen Jack må tidleg ta ansvar og passe på søstrene. Eg syns oppriktig synd på Bight-søsknene opptil fleire gonger, og blir sjokkert over at ingen finner ut at dei faktisk lever på den måten dei gjer. Han gjer sitt aller beste, og er livredd for å hamne i systemet. Demonene inni ham rir ham, og draumene om mora er aldri langt unna. Eg må nok lese eit par langlista bøker til før eg gjer meg opp ei meining, men boka er vel verdt lesetida. Eg høyrte den som engelsk lydbok, og det var øyeblikk der eg var sikker på at det var fleire enn ein innleser. Den var og så skummel til tider for mitt harehjarte at det var ikkje snakk om å lytte til den etter mørkets frambrot! Anbefales!

Utgitt: 2018 | Format: Lydbok lest av Andrew Wincott, 9t50min41sek | 
Forlag: Bantam Press, Dreamscape Media

XOXO

Andre anmeldelser:

* Linn hjå denharjeglest
Marianne hjå ebokhyllami

4 kommentarer:

  1. Høres jo veldig spennende ut denne og jeg begynner å lure på hvorfor jeg sånn umiddelbart tenkte at denne gidder jeg ikke prioritere nå. Har lest en bok før av forfatteren og den likte jeg så jeg får se om hun ikke skal få en sjanse likevel.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har aldri lest noko av ho før, men trur muligens det er litt skummelt for mitt harehjarte ;-)

      Slett
  2. Har nå lest så mye negativt om både selve boken og spesielt at den er med på Booker Longlist, så fint å lese noe mer positivt. Har bestilt boken, så planlegger jo å lese den. Synes egentlig det høres ut som en krim i min gate, selv om jeg har blitt litt mer sart med årene:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har eit utprega harehjarte, så dette var litt skummelt for meg. Eg forstår ikkje kvifor den er med då Booker ikkje er kjent for å ha med krim, men nå er Val McDermid i juryen dette året så det kan ha med det å gjere ;-)

      Slett