Søk i denne bloggen

lørdag 10. november 2018

Bok: "Til ungdommen" av Linn Skåber og Lisa Aisato (ill.)

Den norske forfatteren Linn Skåber (f. 1970) er ein norsk skodespelar, komiker og tekstforfatter som har vore aktiv sidan midten av 90-talet. Det har stort sett vore humoristiske roller, både på TV og på scenen. I september debuterte Linn Skåber som forfatter med ei bok tekster frå ungdommers perspektiv.

Nordahl Grieg skreiv i 1936 eit dikt med namnet Til ungdommen, og det har blitt mykje brukt under humanistiske konfirmasjoner og ved 17. mai-feiringer. I 2011 vart diktet framført under minnegudstjenesten i Oslo domkirke og på Rådhusplassen i tilknytning til terrorangrepa få dagar tidlegare. Nå har Linn Skåber skrevet ei bok med same namn som og er til ungdommen, med ungdommers perspektiv.

Til ungdommen er ei samling tekster der Skåber har spurt ungdommer om livet, kviser, fred og sakn. Intervjua har blitt brukt som materiale for ei rekke tekster med namn som Hva jeg ønsker meg til konfen, Om jeg vil på hytta i helgen, mamma og Det skal lukte salami av hverdagene. Det er mykje humor i tekstane, men alvoret skinner gjennom i kjent Skåber-stil (står det bakpå boka). Det er ikkje vanskelig å kjenne seg igjen i fleire av problemstillingane, sjølv om fleire av utfordringane er ukjente for min ungdomstid. Det som slår meg er at eg er glad eg vokste opp før sosiale medier gjorde sitt inntog; før Facebook, Instagram og Snapchat. Før programmer som Ex on the Beach og Paradise Hotel. Det hadde vore fint om ungdommene som vokser opp i dag hadde fått litt meir matnyttige program enn dette.

Illustratør Lisa Aisato (f. 1981) har bidratt med illustrasjoner, og fleire av dei, om ikkje alle, illustrerer tekstane så godt at eg får tårer i augo. Det er så fint! Til ungdommen er varmt anbefalt!

| Utgitt: 2018 | Format: Innbundet, 255 sider | Forlag: Pitch |

XOXO

3 kommentarer:

  1. Å ja!! Flippet gjennom den i bokhandelen i dag, og har bestemt meg for å ønske meg den til jul :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Satser på at nokon du kjenner høyrer dine ønsker :-)

      Slett