Søk i denne bloggen

lørdag 18. mai 2019

Bok: "Rikka på ordentlig og forever" av Maiken Nylund

Den norske forfatteren Maiken Nylund (f. 1980) debuterer med boka Rikka på ordentlig og forever. Nylund jobber til dagleg på Hå folkebibliotek på Jæren, har vore elev ved Norsk Barnebokinstitutt og har blant anna hatt dikt på trykk i Alaska.

Rikka på ordentlig og forever handler om ti år gamle Rikka som har ei bestevenninne som heiter Lise. Ein dag midt i eting av is erklærer Lise sin forelskelse for Rikkas nabogutt Tom, og verda faller i grus for Rikka. Det føles i alle fall sånn. Rikka vil ikkje at Lise skal få seg kjærast, men kva skjer når det flytter inn ein gutt i eit anna nabohus? Tematikken i Rikka på ordentlig og forever er forelskelse, men og ein heil del anna som det å stå utenfor og nye familiesituasjoner. Det er ikkje ofte eg har lest bøker for barn og unge som handler om den moderne familien. Det er forfriskande, og kan få barn og unge i same situasjon til å kjenne seg igjen.

Årsaken til at eg reserverte denne boka på biblioteket er for det første at forfatteren er lokal. Då eg begynte å lese fekk eg umiddelbart assosiasjoner til Tone Kjærnlis Kysse, sa Heidi. Den las eg fleire gonger som 13-14-åring, og har den nokonlunde friskt i minnet. Det er ei rekke motsetninger i bøkene, men det at ei av venninnene blir interessert i noko som den andre ikkje liker er ganske likt. Til tross for denne samanlikninga syns eg Rikka på ordentlig og forever er ei betre skrevet bok.

Denne moderne familien som Maiken Nylund skriver om er heilt ukjent for meg som har foreldre som er gift på 30+ året, men som eg skriver lenger oppe så er det ikkje så vanleg å skrive om det i bøker for barn og unge. Eg kjem i alle fall ikkje på anna enn Guro av Anne-Cath. Vestly som har ein moderne familie, og biletbøkene om Malvin av Kari Grossmann (uten at eg har sjekka det ut så er eg sikker på at mor og far til Malvin ikkje bur i same hus). Kanskje nokon har fleire døme? Uansett håper eg Maiken Nylund skriver fleire bøker. Anbefales!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 116 sider | Forlag: Cappelen Damm |

XOXO

1 kommentar:

  1. Det kommer an på hva du mener med en moderne familie? Skilte foreldre og bonusforeldre er det nok noen av etter hvert:) Da jeg søkte på "skilsmissebarn" fant jeg fram til blant andre Anneli Klepp (Sommer-overraskelser osv.) Men kanskje de er færre i norsk barnelitteratur enn i virkeligheten?

    SvarSlett