I artikkelen som vart oppdatert etterkvart og kronprinsesse Mette-Marit vart spurt om dette.
– Jeg tror det er viktig at vi som foreldre og voksenpersoner prøver å inspirere ungdom til å lese litteratur om tema de er opptatt av.Det trur eg er heilt sant. Viss ikkje foreldrene eller andre vaksenpersonar leser rundt deg og viser interesse så er det ein tapt sak. Eg har ein av kvar - min far leser aviser, fagblader og slektsbøker, medan mi mor leser romaner. Ikkje i stor skala, men 10+ romaner i året. Eg har ei søster som leser ein heil del, og ein bror som leser litt. Det har alltid vore bøker i huset vårt, biblioteket vart besøkt i barndommen og bokklubben var eg stolt medlem av i årevis.
Eg innrømmer det glatt. I fleire år las eg omtrent ingenting, sånn ca frå då eg var 15-20 år. Så skulle eg på ein skuletur med buss. Eg misliker bussturer, syns det er fryktelig keisamt, men eg hadde tatt med ei bok sånn i tilfelle. Syns å huske det var Twilight, og der og då var det akkurat det eg trengte. Ein reisesjuketablett innabords (for elles kan eg omtrent ikkje røre på meg) også leste eg bok. Beste bussturen nokon gong, og eg var igjen tilbake i bøkenes verden.
Og der har du noko som @readygoread snakka om i storyen sin på Instagram. Om ungdommen vil lese Twilight, Harry Potter (som eg forøvrig anbefaler på det varmaste), bloggbøker, teikneserier eller kva det skal vere så er det greit. Du som vaksen trenger ikkje vera samd i kva ungdommen leser, men heller oppfordre til lesing og muligens gi litt tips til titler eller tema i nærleiken av det dei har valgt sjølv. Ungdommen i dag symjer i gode titler og utgivelser, men dessverre blir det for lite engasjement rundt disse bøkene, og det er synd. Eg har lest eit par av dei som kjem ut til ungdom og dei er meget bra. Dessverre kan eg for lite om bøker retta mot ungdom, men nokon må jo vite meir enn meg. Er det andre bloggere som kan gi tips om det?
XOXO
Du kan jo snike deg til å se presentasjonene på Ungdomsbokgildet :) https://www.youtube.com/user/buskfyb/videos (bokpratene ligger ute i tekstformat på https://buskerud.fylkesbibl.no/wp-content/uploads/2019/01/Ungdomsbokheftet-2018-til-nett.pdf) - Eller sjekke http://uprisen.no for å se hva som fenger ungdommene selv! Jeg leser noen ungdomsbøker, men de havner litt for ofte nederst i ventepåblogginnlegg-bunka mi. Merker at jeg er litt lei av dystopier og også fantasy, så hverdagsdrama er nok det jeg trives best med. Men det kan godt være litt spenning der!
SvarSlett