Søk i denne bloggen

fredag 27. september 2019

Kapittel 2019 - Tanker og oppsummering i etterkant


God helg folkens!

Kapittel-festivalen er over for denne gong, og det slår meg igjen den vitamininnsprøytninga eg får ved å ta inn på hotell. Det trenger ikkje vera så langt til hotellet (Stavanger er bare ein liten halvtime unna heimen min), men for ein avslappande følelse eg får når eg vandrer inn på eit hotell. Og Thon Stavanger får full pott hjå meg. Fint og reint rom, hyggelig betjening, meget god frokost og denne gong hadde eg selskap til frokost. Det har eg ikkje alltid. Og det betyr ikkje så mykje for meg som liker å ete aleine, men det er gull verdt dei få gongene det skjer.

Fredag 20. september

Kapittel 2019 begynte onsdag førre veke. Då var eg på jobb, men streaming på Facebook gjorde at eg fekk sett ein post både onsdag og torsdag. Fredag var eg tidlig oppe, og eg var i Stavanger i 10-tida. Kofferten satte eg ifrå meg på hotellet og møtte Marianne (link til bloggen hennar) på Norli (så klart). Eg hadde sett meg ut ein post med Agnes Ravatn kl 14 så før det hadde me ein hyggelig kaffekopp på Ostehuset (med nyinnkjøpt Morgenbladet som førte til at då eg kom heim søndag teikna eg nytt abonnement).
Kl. 14 satt me i eit lite rom i 4. etasje med forfatter Agnes Ravatn og forfattar og psykolog Peter Strassegger på scenen. God samtale om livet på landet, skriving og om bøkene hennar. Essaysamlinga Verda er ein skandale (som var tittelen på posten) kom ut i 2017, og den nye boka, Dei sju dørene, kom ut førre veke. Meget god bok som eg har skrevet om lenger nede, og som eg nå har kjøpt signert. Motivasjonen fôr skyhøgt då Ravatn gjenkjente meg som bokblogger, og sa at bokbloggere fyller eit tomrom og at me leser djupare og betre enn andre anmeldere. Liker liker!
Kl. 16 satt me i kinosal 6 og høyrte forfatterne Ruth Lillegraven, Anders Bortne og Birger Emanuelsen i samtale med språkekspert Helene Uri om eit i utgangspunktet litt tørt tema. Saken er at alle tre forfatterne har vore taleskrivere for politikere, men det som ein skulle tru vart keisamt vart i stedet ein energiboost. Dei tre i samtale med Uri var morsomme, underhaldande, dei haldt på publikum og såg ut til å hygge seg i kvarandres selskap.
Kl. 18 var det tid for Kielland-foredraget og forfatter Johan Harstad hadde fått i oppgåve å snakke om Hvorfor er litteratur viktig? Det vart ein god time med morsomme poeng, mykje latter og ein forfatter i sitt ess. Note to self: Lese Harstad!
Kl. 1930 var me på plass på Bøker og Børst i Fargegata der Ida Hegazi Høyer las eit utdrag frå si nye bok (som ikkje har kome ut) Ene | Barnet medan Agnes Ravatn las frå Dei sju dørene. Begge var gode til å lese for forsamling! Etterpå kom fleire utenbys bokbloggere og bordet vårt vart fullt. Meget god førstedag!

Laurdag 21. september

Laurdag opprant med sol frå klar himmel (meget ulikt uvêret me hadde i fjor) og Marianne hadde lovt oss eit besøk i bruktbokhandelen Løvås bruktbu. Her må alle bokelskere innom, og eg må garantert innom fleire gonger. Ca kl 13 møttes bokbloggerne til diskusjon og quiz. Gode diskusjoner og litt vanskelig quiz i det beste selskapet. Etterpå vart det sein lunsj på Ostehuset.
Kl. 16 var fleire på plass på Sølvberget igjen for å høyre om Menn som ingen trenger. Marta Breen hadde med seg Niels Christian Geelmuyden, Josefin Olevik og Linn Strømsborg på scenen. Dei snakka om korleis forplantningsmønsteret og familiestrukturen har endra seg drastisk dei siste tiåra.
Kl. 17 hamna me i kjellaren under Kroppsdel-panel der hendene og fingrene var i fokus. Forfatter Janne Stigen Drangsholt hadde fått med seg biolog Åsmund H. Eikenes og forfatterne Gunstein Bakke og Monica Isakstuen. Det mest komiske i denne posten var då Eikenes sa at utanom tommelen så har ikkje dei andre åtte fingrene muskler. Plutselig begynte heile panelet og fleire i salen å bevege på handa og fingrene. Veldig festlig!
Innom på hotellet for eit kjapt klesskift! Hotellet blir ikkje mykje brukt, men så deilig å ha det tilgjengelig.
Kl. 19 var me i kjellaren igjen der Marta Breen samtalte med forfatterne Dorthe Nors og Nina Lykke om mørk humor. Ein morsom time med to uhøytidelige forfattere som skriver skarpt om kvinner midt i livet, som gjerne blir usynliggjort i samfunnet (fritt sitert frå Kapittel-programmet).
Kvelden vart avslutta på Olivia på torget med eit glass vin, pasta i store mengder og gode samtaler. Vitamininnsprøytning deluxe!

Søndag 22. september

Festivalen har litt program på søndager og, men hodet er slitent. Frokosten varte i timevis i godt selskap, tvangslesing (vart ikkje lest så mykje) vart avtalt og gjennomført på Starbucks Domkirkeplassen (veldig gode stoler og kaffi) og heimreisen gjekk knirkefritt. Deilig å kome nesten til døra på eiga hand (utan å måtte ringe mor som eg gjorde i fjor). System overload i hodet derfor måtte dette innlegget vente til i dag. På Instagram (@elidaleser) er det ein story frå Kapittel-19 med bilete frå dei postane eg var på :-)

Takk for ein god festival i finvêret, Kapittel. Håper me ses til neste år!

XOXO

PS. Silje har laga ein YouTube-video med stemningsbilete og film frå Stavanger. Verdt å sjå!

2 kommentarer:

  1. Fin oppsummering frå dine opplevingar. Takk fod sist!

    SvarSlett
  2. Fint å lese oppsummeringen din Elida - og bra vær hadde dere også, til en forandring.

    SvarSlett