Søk i denne bloggen

fredag 1. januar 2021

Lesesirkel 1001 bøker | Bok utgitt mellom 1961 og listas ende

GODT NYTTÅR!

Velkommen til nytt 1001-år i Elidas 1001 lesesirkel! Lite har endra seg frå 2020, men eg håper og trur at det går greit for dei fleste. Eg nikoser meg med denne sirkelen, og ekstra godt at kategoriene er såpass opne at alle finner noko dei kan lese.


Det er 1. januar, og tid for årets første kategori i lesesirkelen. Kategorien i januar er Bok utgitt mellom 1960 og listas ende, og her er det kun krav til årstal. Eg har ein plan om å lese amerikanske Jonathan Franzens Korrigeringer så den står klar.

Eg vil i år som i fjor sjekke i det stille om boka du har valgt er på den offisielle lista, og mi liste er finsjekket og oppdatert så bruk gjerne den. Eg håper dykk set pris på at eg sjekker boka/bøkene dine, og eg ser og det er liv i emneknaggen #elidas1001lesesirkel på Instagram. I begynnelsen av oktober laga eg ei gruppe på Goodreads for lettare å få beskjed om kva den enkelte har lest i sirkelen. Bruker du Goodreads, men er ikkje medlem av gruppa og har lyst til det så gi beskjed så kan det ordnes!

Eg set stor pris på eit vink om du har lest i dei ulike kategoriane for sjølv om eg er (i mine auge) ekstremt god til å sjekke ulike sosiale medier så er det ikkje alt eg får med meg. Spør og grav om du lurer på noko, og premiering blir det garantert! God lesnad!

XOXO

Mine sosiale medier:

2 kommentarer:

  1. Godt Nyttår til deg også. Januarboka i 1001 bøker er lest. Det måtte bli John Le Carre for han døde nylig. Hans gjennombrudd var spionen som kom inn fra kulden 1963.
    https://kleppanrova.blogspot.com/2021/01/john-le-carre-spionen-som-kom-inn-fra.html

    SvarSlett
  2. Her er min januar-bok, lest og skrevet om: https://artemisiasverden.blogspot.com/2021/01/utvidelse-av-kampsonen-av-michel.html#more

    SvarSlett