Søk i denne bloggen

søndag 17. oktober 2021

Bok: "Sumarvariasjonar" av Tone Nilsen-Bie

Tone Nilsen-Bie har sin skjønnlitterære debut med novellesamlinga Sumarvariasjonar. Nilsen-Bie er lektor i drama og teater, og har tidlegare jobba mykje med dramaturgi.

Eg høyrte først om novellesamlinga Sumarvariasjonar då Tone Nilsen-Bie sendte meg ein forespørsel på Instagram om eg ønska eit eksemplar av boka. Eg takka høfleg nei, men bestilte straks boka på biblioteket. Eg er kresen på kva som hamner i bokhylla mi, men når bøkene er skrevet på nynorsk er eg ikkje vanskeleg å overtale til å i alle fall lese boka.

Sumarvariasjonar er skrevet for ungdom, og handlar om ungdom som har det ugreit i livet. Å skjule at det er ferdigheter ein ikkje har for å bli sett, å gå mot straumen eller ikkje ville synes, å velge døden framfor livet, finne ein lysande augneblink i ein elles mørk kvardag og den sorgen som er venta, men kjem så plutseleg. Alle disse temaene er vanskelige, og Tone Nilsen-Bie skriver med god dialog og open slutt. Her er det rom for tolkninger, og nettopp derfor skal eg anbefale denne til lærarar ved ungdoms- og vidaregåande skular. 

Eg gler meg til meir frå Tone Nilsen-Bie!

XOXO

| Forfattar: Tone Nilsen-Bie | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 91 sider | Forlag: Skriveakademiet Solberg |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar