Søk i denne bloggen

lørdag 22. januar 2022

"The Pickwick Papers" av Charles Dickens

Charles Dickens (1812-1870) burde vera eit kjent namn for dei fleste, med mindre du har vore under ein stein dei siste 200 åra. Brite, forfattar, satiriker og avismann, med minimal skolegang. Fleire av hans romanar skrevet i Victoria-tiden står som store verk den dag i dag. Charles Dickens er ein av mine personlege favoritter.

The Pickwick Papers er Charles Dickens' debutroman, publisert som føljetong i 1836-1837 og gitt ut i sin heilhet på slutten av 1837. Romanen er ein serie med eventyr som ein kan nokonlunde kjenne seg igjen i, men det er ikkje eventyra som er mest interessant. Karakterene i romanen derimot er det som gjer romanen til det den er.

Samuel Pickwick, Nathaniel Winkle, Augustus Snodgrass og Tracy Tupman reiser på turer utenfor Londons kjerne og dei møter på ein god del utfordringer og morsomme møter. Enkelte gonger tenker du at dette var festlig og humoristisk, før du tenker lenger uti romanen at nå må det vere nok tull og vas.

Det var ein glede å sjå korleis sjarmen med Dickens' romaner starter i denne romanen. Samstundes tenker eg at The Pickwick Papers er ein historie du enten liker eller misliker. For min del heller det mot sistnemnte utan at det var ei dårleg bok. Den var bare ikkje heilt min kopp te. Eg veit det er andre Dickens-romaner eg liker betre.

XOXO

| Forfatter: Charles Dickens | Utgitt: 1837 | Min utgåve: 2012 | Format: Heftet, 944 sider | Forlag: Penguin |

2 kommentarer:

  1. Så artig å høre om vår kjære Charles sin debut. Jeg er også glad i denne forfatteren, og takket være Storytel har jeg lyttet meg gjennom mange av hans store romaner. Jeg skulle til å si at jeg ville prøve meg på denne, til tross for at du ikke ble så veldig begeistret, men 801 sider! kanskje når jeg blir pensjonist :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hvilke har du høyrt tidligere? The Pickwick Papers er ikkje den lengste Dickens-romanen, men det er klart 800 sider er ein del :-)

      Slett