Søk i denne bloggen

tirsdag 31. mai 2022

Månadsoppteljing #84 | Mai i bøker

Mai var: Dei første vekene gjekk relativt seint for eg gleda meg slik til ferie. Då eg gjekk forbi Nationaltheatret visste eg nesten ikkje hvilken fot eg skulle stå på for same kveld skulle eg inn der og sjå Jane Eyre. Det var ein suksess! Middagen, det gode selskapet og sjølve teaterforestillingen var ein høydare. Elles har eg gått nærmare 20.000 skritt til dagen, besøkt Vestre gravlund, gått langs Akerselva, besøkt Munch-museet, gått meg vill minst tjue gonger og inndratt voksenpoeng med å finne ut korleis kollektivtrafikken i Oslo virker (ja, eg ser på sistnemnte som voksenpoeng). Ferie er deilig, men fredag ettermiddag var eg ganske lei og var glad for å kunne gå på flyet heim lørdag føremiddag.

I mai har eg lest: Litt av alt som vanleg, men ingenting som skriker hurra dessverre. Bøkene til Kristin Auestad Danielsen var gode, og eg ser fram til at hennar nyaste roman, Du er bonde, blir ledig på biblioteket.

* Mieko Kawakami: Heaven (lyd frå Storytel)
* Kristin Auestad Danielsen; Alle i Norge, i tre, i hengekøyer (papir frå biblioteket)
* Kristin Auestad Danielsen: Merk mine ord, åleinemor (papir frå biblioteket)
* Kristin Auestad Danielsen: Sterke kjensler og andre dikt (papir frå biblioteket)
* Sara Lossius: God morgen. Enkle vaner som kan forandre livet ditt før dagen starter (papir frå biblioteket)
* Sara Lossius: Litt lykkeligere (papir frå biblioteket)
* Kristin Auestad Danielsen: Nynorsken (papir frå biblioteket)
* Kristin Auestad Danielsen: Joggesko (papir frå biblioteket)
* Kristin Auestad Danielsen: Vår vesle (papir frå biblioteket)
* Linn Ullmann: Jente, 1983 (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Eit nytt namn (Septologien VI-VII) (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Andvake (lyd frå Storytel)
* Jon Fosse:  Olavs draumar (lyd frå Storytel)
* Jon Fosse: Kveldsvævd (lyd frå Storytel)
* Oskar Braaten: Ungen (lyd frå Storytel)

I mai fullførte eg ikkje og fortsetter med:

* Charlotte Gordon: Romantic Outlaws. The Extraordinary Lives of Mary Wollstonecraft and Mary Shelley (papir frå mi hylle)
* Charles Dickens: The Old Curiosity Shop (lyd frå Storytel)
* Hanya Yanagihara: To Paradise (digitalt med kindle)
* Alexandre Dumas: The Count of Monte Cristo (lyd frå Storytel)

I juni skal eg: Ingenting spesielt, men satser på finvér og sykkelturer. Med bok så klart!

XOXO

4 kommentarer:

  1. For et fint oslobesøk du har hatt, nå gleder jeg meg enda mer til å reise en tur på fredag. Helt enig med deg ang. voksenpoeng, jeg er glad jeg skal ha gubben med meg, så jeg scorer nok ikke der.
    Mary Wollstonecraft ringer en bjelle, hun har jeg vært innom, ellers er jeg imponert over Fosse-intensiven :) Jeg har Grotten på planen.
    Regner med du nyter å ha "ingenting" på planen, det gjør jeg også, så lykke til med lesejuni!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hadde lett vore med deg ein ny tur til Oslo :-) Så lenge eg får roen til å sjekke rute og diverse så finner eg fram i kollektivtrafikken.

      Wollstonecraft var filosof, mor til Mary Shelley og skreiv blant anna "A Vindications of the Rights of Women." Eg har latt meg fascinere stort, og skal lese meir av det damene har skrevet etterkvart. Trilogien til Jon Fosse høyrte eg i Storytel, og det var herlig å høyre på.

      Liker å ha litt på planen, men lader opp til sommerferien :-) God lesejuni, Tine!

      Slett
  2. Hørtes veldig bra ut med teater og Jane Eyre. Og Oslotur.:)
    Har lest Andvaketrilogien og Jente, 83.
    Ønsker deg en fin juni:)

    SvarSlett