Søk i denne bloggen

lørdag 25. februar 2023

Stemmens kontinent #8 | "Ein annan fødsel" av Forugh Farrokhzad

Forugh Farrokhzad (1934-1967) vart fødd i Teheran, Iran, og døyr i ei bilulukke, kun 32 år gammal. I løpet av dei 32 åra har ho rukke å bli gift, skilt, få eit barn og miste omsorgsretten for barnet grunna skilsmissen. Ho var ein omdiskutert poet og filmskaper, men deltok sterkt i nyskapinga av persisk lyrikk (ref. etterordet).

Ein annan fødsel er gjendikta av Odveig Klyve (på nynorsk), og ho har i samarbeid med iranske Ardashir Esfandiari gitt ut denne samlingen. Den bygger på fleire ulike diktsamlingar med hovudvekt på Ein annan fødsel frå 1963. Det er som regel eit sjansespel om ein vel å lese etterordet før eller etter endt lesing; i dette tilfellet las eg det etterpå. Då forstod eg fleire av dikta betre, spesielt dei første. 

Fleire av dikta til Farrokhzad har ein erotisk kjerne, som går vidare inn i ein vurdering av verdiar. Det er fleire lengre dikt i denne samlinga, og fleire av dei handlar om forelskelse, erotikk og lengsel etter noko udefinerbart. Iran er milevis frå mitt ståsted, og eg har tidlegare diskutert forståelsesgrunnlag frå diverse samfunn. Det gjelder ikkje i dette tilfellet då Farrokhzad gjer seg godt forstått til tross for avstand. Kven veit kva ho kunne ha utretta hadde ho levd lenger?

Ein smakebete:

Vindauga (utdrag):

Eg kjem frå dokkelandet,
frå skuggane av papirtre
i ein biletbokhage,
frå dei tørre årstidene der
venskap og kjærleik var utan frukter
i dei støvete gatene av uskuld,
frå år med pugging av falma bokstavar i alfabetet,
bak pultar i smuldrande skular,
frå stunda då barna kunne stava
ordet "stein" på tavla,
og starane flykta frå det gamle treet.
Eg kjem frå røtene til kjøttetande planter,
og sinnet mitt er, framleis
fylt av det skremde skriket til ein sommarfugl
som dei krossfesta
i ei skrivebok med ei nål.

XOXO

| Utgitt: 2002 | Format: Hefta, 70 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar