Søk i denne bloggen

torsdag 23. februar 2023

Stemmens kontinent #7 | "Grønne mor Bukovina" av Rose Ausländer

Rose Ausländer (1901-1988) var tysktalende jøde i Czernowitz, en gong i dobbeltmonarkiet Østerrike-Ungarn. I dag heiter byen Cernovcy, og ligger i Ukraina. Ausländer lengta etter å bli lest, men var nesten blitt gammal, i 70-åra, før ho vart lest av meir enn ein håndfull mennesker. Før ho gikk bort i 1988 hadde ho budd fleire år i USA, og døydde i Düsseldorf. Ho har gitt ut fleire tusen dikt, men då ho døydde låg framleis mange dikt upublisert i kofferter på eldreheimen (ref. etterordet).

Grønne mor Bukovina er gjendikta av Wera Sæther, og det er Sæther som har valgt ut innhaldet i samlingen. Då eg skal til å undersøke meir om kor Ausländer kjem frå i verda ruller Urix på skjermen. Medan eg ser programmet om krigen i Ukraina leser eg i etterordet at Ausländers land i dag er i Ukraina. Snakk om spesielt øyeblikk.

Diktsamlingen inneheld 35 dikt frå 8-10 ulike diktsamlinger gitt ut på tysk. Dei er i ulik lengde, og ein del av dei handler om død, flammer og røyk, og er etter mitt syn litt bestialske. Samstundes er det mykje som eg liker, og det er tydelig at Ausländer skriver om livet, både sitt og andres.

Eit par smakebeter:

Alltid moren

Min stjerne henger
i navlesnoren hennes

Jeg drikker hennes melk 
snart
blir jeg født

Bak min død
vokser hun mot meg

Luft

Hvor mange vinger
hviler luften på

Sveve er vanskelig
det som er oppe
uten bunn

Luftspeiling
en drøm i sand

Vi planter ord
på luftåkeren
går
fra ord til ord

Hvor mange vinger
hviler vi på
mens vi går

XOXO

| Utgitt: 2001 | Format: Heftet, 60 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar