Søk i denne bloggen

lørdag 18. februar 2023

"Stjernenes knitring" av Jón Kalman Stefánsson

Jón Kalman Stefánsson (f. 1963) er fødd og oppvokst i Keflavik og flytta seinare til Reykjavik på Island. Han er ein høgt akta forfatter blant lesere og kritkere i inn-og utland. Fleire gonger har han vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, og i 2017 var romanen Fiskene har ingen føtter på langlista til den internasjonale Booker-prisen. Stjernenes knitring er hans fjerde roman, men den åttende til å bli omsett til norsk.

I Stjernenes knitring møter me familien frå oldebarnets synsvinkel. Eg-personen fortel om sine oldeforeldre, sine besteforeldre og sine foreldre og deira respektive kjærleikshistorie. Han har sittet hjå bestemora og høyrt alle historiene - alle trådene som binder familien saman. Sjølv mista han mora som sju-åring, og ein dag kjem ei framand dame - stemora - ut frå farens soverom. Det later til at det ikkje blir starten på eit godt vennskap mellom gutt og stemor, men det skrives lite om det. Oldemor og oldefars historie derimot er interessant då oldemor var sytten og oldefar førti år då dei møttes i eit lite kvistværelse. Sommaren vart heitt på mange måter! Det som mange gonger pleier å vera mitt lodd i livet er at bøker ikkje er kronologiske. Her forsvinner den tanken i språket, og det er ikkje så farleg om eg ikkje alltid henger med på kven det er som opplevde kva. Eg vil bare lese vidare.
Lastebilen ligger tett etter en kullsvart bil. De puttet en kiste inn i denne bilen, kisten var i kirken, moren min ligger i den kisten. En gang løp hun rundt sammen med meg blant tuene ovenfor en by som heter Reykjavik. Hun skulle ha dunket i kistelokket, vi skulle åpnet og sluppet henne ut. Vi skulle ha reist hjem og spist pannekaker og kremkjeks fra Frón. (s. 98-99)
Jón Kalman Stefánsson er eit forfatter-namn som har låge i bakhodet mitt i årevis. Venner både på og utanfor bookstagram har lest og anbefalt den islandske forfatteren. Det gnistrer i språket, humoren er til tider merkelig og burlesk, og romanen rommer ein skildring frå eit barnesinn. Eg har ikkje (ennå) lest andre bøker av Stefánsson, men det skal eg gjera noko med. Nå forstår eg kvifor denne forfatteren er så verdsatt, og blant norske lesere. Anbefales!

XOXO

| Originaltittel: Snarkið í stjörnunum | Utgitt: 2003 | Norsk utgåve: 2020, omsett av Tone Myklebost | Format: Innbundet, 216 sider | Forlag: Press | 

7 kommentarer:

  1. Har lest en serie av han før, men denne har jeg ikke fått med meg. Han skriver fantastisk bra, synes jeg også.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har nå lest mi første bok av han, og ser fram til resten :-)

      Slett
  2. Der fikk du meg på sporet av Stefansson igjen. Jeg har lest fem bøker av ham, og alle har jeg gitt 6 på terningen. Denne har jeg ikke lest, men nå er den notert. Gleder meg til å se hva som blir din neste Stefansson-roman :)
    Ha en fin søndag Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Sjekk ut Mammut Elida, hele trilogien om Gutten til 129,- :)

      Slett
    2. Eg måtte inn og sjekke og det var fleire Stefánsson-bøker på Mammut. Kjem nok ikkje til å kjøpe nokon, men nå kan eg i alle fall anbefale han eg og. Den kronologiske leseren velger nok "Sommerlys, og så kommer natten."

      Slett
  3. Notert! Fullstendig ukjent for meg...han også :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at me har mykje godt i vente då :-)

      Slett