Søk i denne bloggen

torsdag 5. oktober 2023

Nobelprisen i litteratur 2023


Årets nobelprisvinner i litteratur er norske Jon Fosse!

Eg jubla høgt då sekretær i Svenska Akademien, Mats Malm, sa at prisen går til norske Jon Fosse! Det er 95 år sidan ein norsk forfattar mottok Nobels litteraturpris, og det er første gong prisen går til ein nynorskforfattar. Jon Fosse nemnte i intervjuet med NRK at Arne Garborg og Tarjei Vesaas hadde blitt vurdert i si samtid, men det vart aldri meir av det. I dag har nynorsken fått eit større og sterkare verkemiddel, og eg håper det gir utslag for at fleire vel å lesa nynorsk.

I Noreg er det Samlaget som gir ut Jon Fosse, og jubelen stod så klart i taket på forlagshuset. NRK skriver blant anna dette i sin artikkel
"Redaktør i Samlaget, Cecilie Seiness, er over seg av begeistring kort tid etter at ho fekk vite at deira eigen forfattar får nobelpris. 
– Det er ikkje til å tru! Eg skjelv på hendene. Dette er ein stor dag for Jon Fosse og Samlaget – og nynorsken ikkje minst!"

 

Eg har det siste året jobba med prosa-utgivelsene til Jon Fosse, og har lest følgande: Raudt, svart (1983), Stengd gitar (1985), Blod. Steinen er (1987), Naustet (1989), Flaskesamlaren (1991), Morgon og kveld (2000), Andvake (2007), Olavs draumar (2012), Kveldsvævd (2014), Det andre namnet (Septologien I-II) (2019), Eg er ein annan (Septologien III-V) (2020), Eit nytt namn (Septologien VI-VII) (2021), Kvitleik (2023).

I tillegg til prosa har han skrevet skodespel, essay, barnebøker, og er omsetjar for enkelte utgivelser frå Skald forlag. Då Samlaget ga ut nynorsk omsetjing frå Jon Fosse av den franske klassiske barneboka Den vesle prinsen av Antoine de Saint-Exupéry i 2020 måtte min bokmålsversjon flytte ut på flekken.

Eg har feira med cola og sjokolade i dag, og tenker at dette skjer neppe igjen i mi levetid, så eg feirer når eg kan. Hausten skal eg definitivt bruke i lag med fleire av Jon Fosses bøker.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar