Søk i denne bloggen

lørdag 30. september 2023

Månadsoppteljing #100 | September i bøker

September var: Månaden gjekk unna, og eg trur eg gjekk glipp av nokre dagar. I tillegg til jobb har eg vore by-dame i fleire dagar på Kapittel-festival i Stavanger. Festivalen har eg skrive om i fleire innlegg, og eg er full av ny inspirasjon og leselista er om mogleg enda lenger. Eg har og vore på teatersalong med Janne Stigen Drangsholt og Therese G. Eide, så etter Ibsens skodespel skal eg lese Shakespeare.

I september har eg lest: Det har blitt mykje sakprosa på grunn av Malin/Readygoreads utfordring, men det er artig å bli utfordra. Elles prøver eg stadig å kome gjennom bøker eg faktisk har i bokhylla, og september har vore ein meget god månad slik sett.

* Marta Breen, Madeleine Schultz og Jenny Jordahl (ill.): F-ordet. 155 grunner til å være feminist (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Kristin Valla: Egne steder - Om skrivende kvinner, lidenskap og et lite hus på den franske landsbygda (papir frå biblioteket)
* Mala Naveen: Norsk nok - tekster om identitet og tilhørighet (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Marta Breen og Jenny Jordahl (ill.): Den store rumpefeiden og andre glimt fra medias bakside (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Thomas A. Fagerlid og Marius Langeland: Snakk perfekt engelsk (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Bjørn Hatterud: Blokka på Bjerke. Tretten år i tredje etasje (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Peter Wohlleben: Dyrenes indre liv. Kjærlighet, sorg, omtanke (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Bianca Kronlöf: Brev til mannen (papir frå biblioteket)
* Inga Strümke: Maskiner som tenker (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Reidar Müller: Ild og is. En kort innføring i klimaets historie (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Michael Schulman: Her Again. Becoming Meryl Streep (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Chris van Tulleken: Ultra-Processed People: The Science Behind Food That Isn't Food (lyd frå Audible) #sakprosaseptember
* Tore Renberg: Lungeflyteprøven (papir frå biblioteket)
* Torkil Færø: Pulskuren (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Virginia Woolf: A Room of One's Own (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Laurence Leamer: The Kennedy Women. The Saga of an American Family (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Marilynne Robinson: When I Was a Child I Read Books (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Prinsessan Christina fru Magnusson: Hon kallades Daisy. Att finna en farmor (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Lauren Bravo: What Would the Spice Girls Do? How the Girl Power Generation Grew Up (lyd frå Audible) #sakprosaseptember
* Hege Duckert: Mitt grådige hjerte. Fire kvinneportretter (papir frå hylla)


I september fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Ayobami Adebayo: A Spell of Good Things (lyd frå Audible) BP

I september har eg kjøpt: Eg var hjå Løvås bruktbu og handla (for det er bare dei to øverste eg har kjøpt til full pris) og sendte snap til mi søster. Fekk då kommentar tilbake: "Slepp bøgene og gå roligt ud av butikken. Æg sa ROLIGT! Held hendene sånn at æg kan sjå dei." Det er mi søster sin humor, og då eg fekk den kommentaren var det allerede for seint.

* Veronica Simoné Fjeld: Førti og føkkings fantastisk
* Maja Lunde og Lisa Aisato (ill.): Vindmakeren

* George Eliot: Silas Marner 1001
* Oliver Goldsmith: The Vicar of Wakefield 1001
* Hans Jakob Christoffel von Grimmelshausen: Den eventyrlige Simplicissimus 1001
* Thomas Hardy: Far from the Madding Crowd 1001
* Henrik Ibsen: Vildanden
* Jhumpa Lahiri: Navnebroren 1001
* Toni Morrison: Paradis 
* Toni Morrison: Sula 1001
* Stendhal: Kartusianerklosteret i Parma 1001
* Anthony Trollope: Doctor Thorne
* Tarjei Vesaas: Fuglane 1001

I oktober skal eg: Svært lite som eg veit om på ståande fot. Bok-messig skal eg lese romaner for det har blitt nedprioritert i september.

XOXO

4 kommentarer:

  1. WoW! Gratulerer med ferdig bingobrett:) Jeg har lest fire av dine. Valla, Færø, Woolf og Duckert. Holder på med Strumke.

    Selv skal jeg lese sakprosa frem til fristen går ut. Har noen igjen, men får se hva jeg rekker. Jeg må også lese noe annet, på senga i alle fall. Ønsker deg en fin oktober med mange gode bøker:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Anita! Eg leser lite på senga, helst i sofaen eller på kafé, men forstår kva du meiner.

      Slett
  2. Gratulerer med fantastisk gjennomføring av sakprosautfordringen! Ser ut som du er like rå på å kjøpe (brukt)bøker som du er på å lese sakprosa.
    Spent på å se hvilke romaner du velger deg for oktober :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Tine! Eg kan ikkje kjøpe nye bøker til full pris, og i bruktbua eg bruker i Stavanger er det mykje gull. Sjølv med kindle liker eg best å lese på papir, og fleire av bøkene eg vil lese er tungvinte å finne nye.

      Anthony Trollopes "The Way We Live Now" står på leselista for oktober. Planlegger ein tur innom Victober-utfordring, og den er den romanen alle kan vera med og lese.

      Slett