Dette året har eg sikra meg! Festivalpass på earlybird-deal, feriedagar sikra og hotell rett neri gata. Det er noko eige med litteraturfestival i "eigen by" og eg skriver det i hermeteikn fordi eg bur ikkje i Stavanger (heretter kalt by'n), men den er min. Eg har tråla gate opp og gate ner sidan eg var lita, men kan svært få gatenamn. Fortel du meg kva du er ute etter, eller hvilken butikk kan eg enten vise deg eller "gå opp gata for deg med høgre og venstre".
Årets tema for festivalen er SEX så det kan bli kleint, morsomt og interessant!
DETTE BLIR EIT LANGT INNLEGG SÅ SETT DEG GODT TIL RETTE!
Torsdag 16. september
Eg har skrevet eit eige blogginnlegg om Siri Hustvedt-filmen for den prioriterte eg torsdag ettermiddag og angrer ikkje på det. Torsdag kveld var det tid for ein av mine favoritt-podcaster sitt live-show, Aftenbla-bla med Leif Tore Lindø, Jan Zahl og Janne Stigen Drangsholt i fast panel. Harald Birkevold var ikkje til stades, litt synd for eg lurer på om han er enten ein Zahl eller ein Lindø. I programmet står det: Aftenbla-bla: Sagaen om Isfolket og andre sex-sjokk fra ungdomstiden. Eg trur ikkje nokon i panelet skjuler sine kjensler for temaet så Leif Tore Lindø er klart ukomfortabel frå første sekund, Jan Zahl ser meget komfortabel ut, medan Janne Stigen Drangsholt er som alltid sliten. Ho har 4978 baller i lufta og har fleire poster på festivalen så for all del. Litt sliten ein torsdagskveld er lov.
Latteren sitter laust i ein times tid (for disse folka held seg sjelden til 45 min), det blir fortalt korleis ein først vart kjent med temaet som tenåringer innan litteratur, Drangsholt nemner Romantikk og Zahl nemner Morgan Kane. Og her kjem me til det mest underhaldande på posten. Jan Zahl leser to passasjer frå Morgan Kane med innøvd Jo Nesbø-stemme og eg tuller ikkje når ein kunne høyrt ei knappenål falle. Eg siterer frå eiga notatblokk: Det hadde ikkje vore halvparten så smikkløye kun med lyd for Lindø er så ukomfortabel.
Eg har ofte lurt på om denne podcasten er for intern, at den kun passer for min del av landet, for tre ansatte frå Stavanger Aftenblad og ein litteraturprofessor på UiS er lokalt for min del. Samstundes tenker eg at det er heilt greit at her nere på sørvestlandet har me noko som er vårt. Det fins nok av podcaster som sier dei fokuserer på landet vårt, medan det i realiteten handler om Oslo.
Torsdag 17. september
Dagen renner opp med sidelengs regn, men kva gjer det når festivalen føregår inne. Min første post på programmet er Ytringsfrihetsbyen Stavanger: Banned Books. Maia Kobabe og Trine Skei Grande. Her blir det på godt jærsk STINN BRAKKE. Eg trur det var minst tre skoleklasser med tenåringer inne i rommet i tillegg til andre interesserte. Maia Kobabe er forfatteren bak den grafiske romanen Gender Queer og har vore den mest utfordra boka i USA tre år på rad. Romanen handler om skeiv ungdom og er Kobabes personlege historie. Kobabe fortel blant anna at i USA er intimitet på film/serie og i TV-spel høgare aldersmerka enn vold (Digresjon: Siri Hustvedt snakka i ein bisetning om sin roman, Memories of the Future, kor omslaget i USA er annleis enn i andre land fordi Hustvedt i utgangspunktet ville ha ei kvinne med synlege kjønnshår på omslaget, men det vart ikkje godtatt). Kobabe snakker om når blir ei bok for privat og tenker ein på at eigne foreldre/familiemedlemmer skal lese boka. Då fortalte Kobabe om bestemora si som hadde lest boka og kunne då fortelje barnebarnet sitt at då ho fekk mensen første gong var det ingen som hadde fortalt ho kva det var eller kva det gjekk ut på.
Maia Kobabe visste tidleg at boka kunne bli eit problem i USA. Dei første åra gjekk det veldig bra, ingen var imot boka, men ho fekk råd om å bli venn med nokon free speach-lawyers. I 2021 snudde det, då det vart politisk å forby bøker. Fleire og fleire skuledistrikt ønska ikkje at boka skulle vera tilgjengelig for skulebarna, og Kobabe kunne hatt det som heiltidsjobb å svare journalister i telefonen. Det interessante med denne forby bøker-debatten er at det er ikkje barna som forbyr bøker, det er vaksne. Vaksne som skal beskytte barna. Beskytte dei mot kva? Mot lærdom, mot personer som ikkje er som dei, mot personer som kanskje er som dei, men i det skjulte? Gender Queer er og den einaste boka som har vore i forbudsdebatter i Noreg, medan Anna Fiskes Hvordan lager man en baby? har blitt forbudt i andre land. Det har roa seg for Maia Kobabe, det er andre forfattarar som har tatt over førsteplassen, og dei har danna ein eigen organisasjon for utfordra forfattarar. Noko av det mest skremmande er kor mykje makt personer har. I USA har bibliotek stått i fare for å bli stengt fordi dei står imot oppfordringa om å ta vekk bøker frå hyllene. Dette er Maia Kobabes første tur til Europa, og ho hadde kanskje ikkje blitt invitert til Noreg om det ikkje hadde vore for utfordringane. Trine Skei Grandes siste ord: Read banned books!
Frå banned books til noko heilt anna: Kitty Kielland i sedelighetsdebattene med foredragsholder Inger M. Lund Gudmundson. Kitty Kielland var fødd i Stavanger, er søstra til borgermester og forfatter Alexander Kielland, og var ein del av borgerskapet i Stavanger. På 1880-talet budde Kitty Kielland store deler av tida i Paris og var god venn med blant andre Harriet Backer, Arne og Hulda Garborg, Jonas og Thomasine Lie, og kjente August Strindberg og Bjørnstjerne Bjørnson. Lange opphald i Paris var derimot ingen hindring for å delta i sedelighetsdebattene og var blant anna med å stifte Norsk Kvinnesaksforening i 1884. I Kristiania var det 8 offentlige bordeller og 16 private og prostitusjon var ein del av kvardagen. I dag kan ein himle med augo over dette, men det var eit faktum i 1880-årene at det var kun kvinner som vart sett ned på om dei hadde sex før ekteskapet, og kvinner hadde fleire juridiske rettar før ekteskapet enn etter. Det var og eit faktum at kvinner hadde ikkje seksualdrift, og viss dei hadde vart dei sett på som dyriske. Gudmundson nemner her den svensk-tyske
malerinnen Jeanna Bauck som i mange år levde i lag med den danske malerinnen Bertha Wegmann. To kvinner som budde i lag vart sett på som heilt greit fordi som nemnet kvinner hadde ikkje seksualdrift. Og igjen så himler ein med augo i 2026. Som ei i dag veit var det store debatter i Noreg. Hans Jæger vart dømt til 60 dager fengsel for romanen Kristiania-bohemen, og Christian Kroghs roman Albertine vart beslaglagt - ikkje for prostitusjonsbeskrivelsene, men for beskyldningene om politivold. Kitty Kielland var i utgangspunktet tilhenger av Albertine, men endra så meining til kor rein er Albertine? Ho stiller spørsmål ved kor reine skal kvinner vera i ekteskapet og kvifor snakker ingen om kva kvinner trenger? 45 min seinare og historietimen er over. Eg tenker at dette kan eg lesa meir om for det var interessant, men litt tørt for meg som knapt har lest om det tidlegare. Undrer meg og om det var eit poeng med foredraget som eg ikkje fant eller om eg gjekk glipp av noko viktig. Uansett, historisk interessant å høyre om korleis det var og korleis det ikkje trenger å bli igjen.
Vidare til neste post på programmet: Å skrive om de dødes liv. Hilde Hagerup og Tore Renberg i samtale med Sølvbergets Åsmund Ådnøy. Igjen stinn brakke for dette er vår eigen Tore Renberg. Eg har lest romanen Lungeflyteprøven og høyrt Renberg snakke om romanen fleire gonger, men det er fascinerande kor ulik samtalen om ein roman blir med ulike personer på scenen. Ådnøy starter med eit sitat frå Haisommer om at før dei vart spist så skulle dei hatt større båt, og i denne posten skulle hatt større båt evt rom. Tore Renberg har som nemnt skrevet om Anna Voigt i Lungeflyteprøven, medan Hilde Hagerup har skrevet om Gunvor Hofmo og Ruth Maier i Du eneste. Ådnøy siterer Oscar Wilde: "There is only one thing in the world worse than being talked about, and that is not being talked about." Hilde Hagerup ønska med sin roman at Ruth Maier ikkje skulle reduseras til Gunvor Hofmos jødiske kjærast, ho hadde eit eige liv og hadde ærefrykt for emnet. Begge er enige om at dei hadde ein etisk forpliktelse til emnene sine og at ein er ikkje like etisk i sin framstilling om ein skriver om personer som sjølv har valgt offentligheten. Det vart ein meget interessant post om å skrive med respekt, om korleis kvinner har blitt redusert til mannens herredømme i tidlegare tider, om at 1600-talet er forbaska utfordrande å skrive om fordi det er ofte ei avskåret tid og om det blir nok rom til fantasi-produsentane Hagerup og Renberg når ein sitjer med faktiske kjelder frå nokons liv? Tore Renberg er meget kritisk til dagens AI-samfunn og eg siterer: Disse menneskene i Lungeflyteprøven lever i en deilig analog verden. Blir det meir skriving om ekte mennesker, spør Ådnøy? Hagerup har ikkje gjort det før, men kan tenke seg å gjera det igjen. Renberg sitter med stoff som han er åleine om, og sier sjølv at det blir minst to romaner til om barokk-Tyskland. Han har nyleg kome ut med samtidsromanen Et livsforsøk og sukker litt når han sier det er blitt trivielt å skrive samtidsromaner. Ådnøy parerer med at Renberg har vel rekningar å betale slik som alle andre. Igjen, interessant post og ein går ut med litt meir i hodet enn då ein gjekk inn.
Neste post er ein eg har sett på med kritisk blikk og er om mogleg enda meir kritisk når eg går ut, for her kjem romance-forfatter Anne Louise Morseth med foredraget Frå Jane Austen til Heated Rivalry - hva er romance-litteratur, egentlig? Eg er ivrig lesar av Jane Austen og generelt gamle bøker. At nokon skal tulle med Jane Austen er faktisk ikkje greit, men eg vart oppfordra av min partner in crime, Marianne, om å møte på denne posten. Det første Morseth gjer er å lansere Jane Austen som verdas første rom-com-forfattar. Eg klikker innvendig. Ho nemner tre ting som er vanlege i romantiske komedier, og i forbifarten blir samfunnskritikk og vidd nemnt. Så har ho satt opp ei tidslinje som er morsom, men igjen dei klassiske romanane Pamela av Samuel Richardson og Stolthet og fordom av Jane Austen blir sett på som starten på den romantiske tidslinje. (Det må nemnes at eg har ikkje lest Richardsons nemnte roman.) Tidslinja ender med den store HBO-suksessen Heated Rivalry som er kun kjent for meg av omtale. Så kjem ein tirade om kritikk av romance/romantasy, at kritikk ikkje er ei ny greie (Wall Street Journal samanlikna romance med ein Big Mac i 1980), kva som er obligatoriske scener i ein romance (nei, eg kjem ikkje til å leite etter disse scenene når eg ser film eller leser romaner) og eg lurer heilt oppriktig på nå om Morseth faktisk har lest disse klassiske romanane. Så kjem det som irriterer meg grenselaust: Eit bilete av ei hand frå ein kjent film kjem på skjermen. Dei fleste i salen veit at det er Matthew Macfadyens hand frå 2005-versjonen av Stolthet og fordom. I klassiske romanar er det lite snakk om sex (eller spice som er eit begrep i dagens romance), men berøring med hender er klassisk. Så kjem sitatet: You have bewitched me body and soul and I love I love I love you. Det er ein klassisk scene frå nemnte film, sagt av Matthew Macfadyen, men Anne Louise Morseth namngir Colin Firth. Ikkje gi eit filmsitat til ein anna skodespelar, og i alle fall si hvilken film det kjem frå, for dette sitatet er ikkje i romanen frå 1811 og er totalt forskjellig frå Colin Firths sitat i 1995-versjonen. Eg høyres muligens ut som ei sur kjerring, men slikt irriterer meg! Eg vart ikkje mindre kritisk til Morseth og hennar foredrag og har oppfordra mine bokhandel-venner (dokk veit kven dokk er) om å "miste" Morseths bøker i vaskebøtta. Heldigvis fins det nok bøker i denne verda til at alle kan velge sine favoritter, og eg trenger ikkje lese Morsets andre bok (for eg brukte faktisk min dyrebare tid på den første boka).
Tomas og Jannes umulige lesesirkel har lest Demringen av Collette og er klar for å høyre kva Sølvberget-ansatt Tomas og UiS-professor Janne har så si om de franske romanen. Forordet i romanen sier at Collette skapte virkelighetslitteratur og at mykje i romanen stemmer med Collettes eige liv. Janne og Tomas gjer alltid denne lesesirkelen til noko interessant sjølv om ein ikkje syns noko særleg om romanen, og ein kjem alltid ut litt klokare. Kor elles ville eg ha høyrt frå Janne Stigen Drangsholt at Simone de Beauvoir aldri vart anerkjent som filosof i Frankrike, men som intellektuell. Og at Det annet kjønn har større anslag i Noreg enn i Frankrike. Då Collette døydde vart ho sett på som ein av dei største franske forfatterne, men eg har har aldri høyrt om ho før denne lesesirkelen. Er romanen modernistisk? På ein måte ja, meiner Janne fordi den handler om ei kvinne i 50-åra som er ferdig med sex, men i modernistisk kontekt så sliter den. Med andre ord, litt klokare på veg ut, og fleire bøker som må lesas. Nemnte de Beauvoir, men Deborah Levy har eit kapittel om Collette i si essay-samling The Position of Spoons og Selby Wynn Schwartz' After Sappho (norsk omsetjing 2026) handler om ulike historiske kvinner.
Sjekk inn igjen for fleire oppdateringar!
XOXO
























