Søk i denne bloggen

lørdag 5. januar 2019

Tusen takk!

God lørdagsmorgon! 5 dager inn i det nye året, og helg igjen. Ved eit tidspunkt denne veka måtte eg stoppe opp og fundere for meg sjølv hvilken dag det var. Det går litt i surr med den eine helligdagen etter den andre, men det var forsåvidt godt å begynne på an igjen med vanlege dager.

Det eg eigentleg skulle skrive i dette innlegget er: Tusen takk til alle som har meldt seg på 1001-lesesirkelen. Eg er i sjokk over kor mange som har meldt sin interesse, og som har spørsmål om sirkelen. 1001 bøker har låge mitt hjerta nærmast i mange år, og det å få dela det med så mange er så kjekt. Eg håper alle har fått svar på det dei lurer på i forhold til både januar-kategorien og generelt lesesirkelen, og har du ikkje så spør gjerne om igjen.

Astrid Terese lurte på korleis ho skulle sei frå at ho hadde lest og blogga om ei bok. Eg svarte at det er ikkje så lett å svare på, men eg følger ganske godt med i bloggverda, og på Goodreads, men er du usikker på om eg ikkje har fått det med meg så sei ifrå. Eg lenker alle blogginnlegg i fanen over her + noterer alle som har lest noko, og legger du ut bilete på Instagram og merker det med #elidas1001lesesirkel så får eg det med meg. Bli gjerne venn med @elidaleser. Det er der bilete av mine bøker vil komme!

Eit anna spørsmål som kommet opp er sidetalet. Under 250 sider er kategorien for januar, men eg har jo sjølv ein utgåve der historien er på 235 sider, medan sjølve sidetalet for boka er 282 sider. Det aller viktigaste er at du leser noko som ikkje er for langt og som ikkje overskrider sidetalet så altfor mykje. Den siste kommentaren eg fekk på forrige innlegg var om boka kunne brukes når den var akkurat 250 sider. Eg har sagt ja, og sier igrunnen ja på dei fleste sidetal-spørsmål. Eg liker ikkje å sjefe over andre, og si at denne kan ikkje brukes/leses for eg vil helst at alle skal finne noko å lese til sirkelen. Men for all del, spør i veg om du lurer. Eg svarer så godt eg kan!

Eit siste spørsmål er om det er mogleg å sei ifrå utover i året. Sjølvsagt er det lov! Du kan melde deg på akkurat når det passer deg, og eg syns det blir litt spennande å sjå korleis deltakelsen blir utover i året.

Til slutt må eg igjen sei tusen takk for all interesse! Eg veit det er nokon av dykk som har brukt mi 1001 bøker-liste, og det er sjølvsagt heilt i orden. For iOS-brukere fins det og ein app. Eg skreiv om den i 2013, men viss nokon har meir informasjon om appen har kome til Android-brukere hyl ut i kommentarfeltet!

XOXO

12 kommentarer:

  1. Så gøy at du har truffet noe som mange vil være med på. Selv er jeg nå på vei til biblioteket for å hente min bok for januar. Skal gjøre et forsøk på å legge tilde ut på Instagram og lage min aller første hasjtagg ever :) God lørdag Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er i sjokk! Og så glad og takknemlig :-)

      Januar-boka fant eg i bokhylla, men februar-boka må eg låne på biblioteket. Trur eg. Om eg ikkje omrokkerer planene mine. Hm, må tenke på den :-)

      Hashtagen er jo laga, det er bare å taste inn den eg allerede har laga :-)

      God lørdag, Tine!

      Slett
  2. Jeg har savnet 1001-sirkelen siden Line la inn årene for noen år siden. Husker jeg ble med under tvil, for det var jo bare gamle bøker... Jeg fant imidlertid SÅ mye bra, nytt og interessant å lese at det var en fryd. Kjekt at du har blåst liv i sirkelen igjen! Spesielt gøy at kategoriene er "vide". Da får vi lest om mange flere spennende forfattere på lista istedenfor å 'bare' grave oss ned i ei. Supert tiltak Elida!!! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg elsker igrunnen lister så 1001-sirkelen var perfekt for meg som liker å krysse av ting som er gjort. Når eg skal reise vekk lager eg alltid liste over ting eg skal ha med for eg misliker sterkt å gløyme noko essensielt.

      Vide kategorier fungerer best for meg, og det er mykje kjekkere å lese om fleire bøker og få fleire tips enn at alle skal lese samme bok kvar månad.

      Tusen takk, Marianne!

      Slett
  3. Det er veldig gøy med slik god respons.:) Gleder meg! Fant masse gamle 1001-bøker i kjelleren i går.

    SvarSlett
  4. Veldig glad eg meldte meg på. Januarboka er lesen, og er allereie i gong med februarboka. Det er Romeo and Juliet av Shakespeare. Har aldri lese noko av han før, berre sett filmar tusen gongar. Så da tel han vel som ny?

    SvarSlett
    Svar
    1. Så flott at januar-boka er ferdiglest :-)

      Shakespeare står ikkje på 1001-lista ;-)

      Slett
  5. Haha! Note til self: Sjekke 1001-lista før eg bestemmer meg. Men eg trudde faktisk Shakespeare var bankers. Ikkje ei einaste ei av han. Det var overraskande. Da blir det Tarzan of The Apes.

    SvarSlett
    Svar
    1. Noterer den ned, og lykke til med Shakespeare :-)

      Slett
  6. Det er vel heller du som skal ha takk for å dytte oss i riktig retning, tenker jeg :-) Ikke det at jeg har kommet igang enda, men :-O

    SvarSlett