Søk i denne bloggen

torsdag 1. juli 2021

Lesesirkel 1001 bøker | Bok på minst 500 sider eller meir


Det er 1. juli, og tid for årets sjuande kategori i lesesirkelen. Kategorien i juli er Bok på minst 500 sider eller meir, og der har du einaste kravet mitt. Sidetal kan vera så mangt, men om din utgåve av ei bok har 500 sider eller meir så speler det liten rolle om min ikkje har. Kva eg skal lese har eg ikkje heilt bestemt meg for, men eg tok nyleg med meg Jeffrey Eugenides sin Middlesex frå lesekiosken på Sola så godt mogleg det blir den.

Eg vil i år som i fjor sjekke i det stille om boka du har valgt er på den offisielle lista, og mi liste er finsjekket og oppdatert så bruk gjerne den. Eg håper dykk set pris på at eg sjekker boka/bøkene dine, og eg ser og det er liv i emneknaggen #elidas1001lesesirkel på Instagram. I begynnelsen av oktober i fjor laga eg ei gruppe på Goodreads for lettare å få beskjed om kva den enkelte har lest i sirkelen. Bruker du Goodreads, men er ikkje medlem av gruppa og har lyst til det så gi beskjed så kan det ordnes!

Eg set stor pris på eit vink om du har lest i dei ulike kategoriane for sjølv om eg er (i mine auge) ekstremt god til å sjekke ulike sosiale medier så er det ikkje alt eg får med meg. Spør og grav om du lurer på noko, og premiering blir det garantert! God lesnad!

XOXO

3 kommentarer:

  1. Vurderer å lese Trekkoppfuglen i juli. Ellers blir det don Quijote, men den er jo så tykk....

    SvarSlett
  2. Har lest 6 av temaene så langt i mix rekkefølge, så er a sjur på en måte. Fint vi kan hoppe og sprette rundt, så får jeg se hva neste blir. God sommer:)

    SvarSlett
  3. Eg er ferdig med desemberboka: Frokost på Tiffany av Truman Capote. Fann ikkje det opprinnelege innlegget, så eg skriv det her.

    SvarSlett