Søk i denne bloggen

tirsdag 18. januar 2022

Leseåret 2022

Eit nytt år kjem med blanke ark og nye fargepenner, og det er jo ikkje måte på hvilke leseprosjekt som skal realiseres i det nye året. I mitt tilfelle har eg skrudd både lesehastighet og Goodreads-challenge kraftig ned dette året. Årsaken er skippertakslesing i desember to år på rad, og det er eg nå ferdig med.

I år står Goodreads og skal telje 104 bøker. Dei bøkene skal eg bruke akkurat den tida eg vil på, eg skal lese akkurat det eg har lyst til, og akkurat når eg vil.

Leselyst kan og innehalde lister. Min baby er 1001 bøker og i tillegg har eg meldt meg på Back to the Classics (innlegg under). Eg har i tilegg eit hårete mål i bakhodet som eg ikkje er klar for å avsløre kva er. Det handler om bøker (så klart), men med offentliggjering kjem press om å fullføre. Eg har tross alt ein jobb å gå til 7,5t kvar dag. Eg som går tur-retur jobb har minst 40min pr arbeidsdag som kan utnyttes til bok, altså hello lydbok!

Det er enkelte sjeler der ute som sier at lydbok teller ikkje som lesing, og då må eg til tider slå dei i hodet med noko hardt (!) og stryke halve bokhaugen min frå fjoråret. For det er realiteten. Eg har alltid ei lydbok gåande, enten i øyrene på tur ute, eller rett ut i rommet når eg er heime. Eg blir sur og muggen om eg treffer nokon på vegen som vil prate for det ødelegger for min lydbok-alene-tid. Ja, eg veit eg er litt sprø.

104 bøker. To i veka. Nye bøker, eldre bøker, gjenlesing (sier ho som lytter til Harry Potter for ørtende gong igjen), flest romaner, litt sakprosa, muligens nokon interessante barnebøker også resten.

Eg las ein artikkel i The Guardian (ekstern lenke) på nyåret og konkluderte med at eg slepper ikkje opp for nye bøker dette året heller. Eit luksusproblem som ein heldigvis kan styre sjølv. Nokon utgivelser står høgare på leselista enn andre, og det er litt for alle. Smaken er som kjent som baken - delt i to.

Godt nytt leseår!

XOXO

2 kommentarer:

  1. For et koselig innlegg! Jeg er enig med deg at lydbok er bok! har aldri hørt noen si at det ikke er det, for jeg har alltid en lydbok på gang. Nå har jeg begynt å ta bussen på jobb igjen, så nå går jeg fra 15 minutter i bil uten lydbok, til 60 minutter når jeg tar bussen t/r, så da monner det litt.
    Gleder meg til å fortsette leselivet med deg, er i gang med 1001, men det ble julibok først, venter fremdeles på januarboka.
    Lykke til med fint nytt leseår Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser det står 1 kommentar, og tenker umiddelbart at det er deg, Tine <3

      Lydbok er så jillt, og det hender eg høyrer podcast, men dei sparer eg som regel til trening. Eg høyrer mykje engelske lydbøker, og for språknerden i meg så lærer eg uttale og det liker eg.

      Leselivet med deg er flott, Tine, og eg gler meg til 2022 med deg :-)

      Slett