Søk i denne bloggen

lørdag 19. februar 2022

Bergfoss-serien av Synnøve Eriksen

Eg er av den oppfatning at det fins litteratur for alle, og alle trenger ikkje lese det same. Samstundes skal ingen bli dømt for det dei leser. Eg er ein eklektisk leser. Eg er ein ekornleser. Eg er ein gjenleser. Det siste er av og til for å få den same kjensla eg hadde då eg las boka første gong, eller for å rømme vekk frå livet og inn i ei verd som er trygg.

I 2002 fekk mi mor ei bok med vekebladet sitt. Dette er ofte eit salstriks og ein måte å få serieromaner ut til moglege lesere. Den gong var det første bok i ein ny serie. Eg har fleire slektninger som byttelåner serier, men det er for det meste historiske serier. Det har eg ingen interesse av. Denne derimot var satt til 2000-talet - altså min egen samtid - og baksideteksten kunne lokke med ein tur til det fiktive stedet Bergfoss i Trøndelag.

16-åringen var solgt! I løpet av 3 år kom det 20 bøker totalt i serien. Eg las dei overalt, men som oftast på skulen. Eg gjekk på vidaregåande skule dei åra, og det var ikkje sjelden at den dagen det kom ny bok ut så kjøpte eg den på nærmaste Kiwi om morgonen og hadde lest den ut før skoledagen var over. Så var det å vente x måneder før ny bok kom ut. For sjølvsagt slutter kvar bok med ein gedigen cliffhanger.



Serien handler om presten Anette Borge som etter fleire år i hovudstaden tar med seg si femten år gamle dotter og flytter til nemnte Bergfoss. Her møter dei ei ny verd av ukjente, som bilmekanikeren Ulf og hans son Peter, politimannen Jørn, den eksentriske Vigdis, forretningskvinna Beate og mange fleire. Bergfoss er eit lite tettsted blant høge fjell og tinder, men under overflaten ulmer familiehemmeligheter og mørke tanker, men og samhold, håp og glede. Etter 20 år med dette universet kjenner eg dei meget godt syns eg sjølv.

Nå har eg nyleg pløyd gjennom serien på ny. Mine bøker ligger på loftet hjå mor og far, men bibliotek -apper gjorde det mogleg ein regntung ettermiddag i januar. Det er ikkje slik at eg nå leser kvart einaste ord. Eg leiter etter dei spesielle øyeblikka, og gliser breitt når dei kjem. Eg har nemlig ikkje tal på kor mange gonger eg har lese bøkene. Ved eit tilfelle kan eg huske at før ei ny bok kom ut las eg alle dei føregåande, og viss eg har gjort det før kvar ny bok så blir det mange gjenlesinger pluss dei minst tre gongene eg har pløyd gjennom serien etter den vart avslutta.

I radioen vart det sagt ein gong at den musikken du husker best er den du høyrte på i 15-16-årsalderen. Viss det stemmer for fleire ting i livet så stemmer eg for litteratur og. Eg drøymte meg vekk i Bergfoss-serien. 20 år seinare så er det scener eg reagerer sterkere på, scener som framleis er vanskelige å lese om, og med 20 år er det klart preferansene endrer seg. På begynnelsen av 2000-talet var det ungdommane eg relaterte til. I dag er det foreldrene som er på min alder. Og som den romantikeren eg er så drøymer eg meg fortsatt vekk.

Ein ting som overraska meg var at etter 20 år er det framleis eit par i serien eg heier på. Eit par som går gjennom fire år (for det er tidsrommet i serien) med opp- og nedturer, men som til slutt finner eit felles ståsted og ei framtid. Eg kjem ikkje til skrive kven det er for det blir for avslørende for serien. Som sagt ligger mine bøker på loftet hjå mor og far, og dei kjem eg aldri til å kvitte meg med. Kjærleiksforholdet til ein romanserie består 20 år etter første lesing.

XOXO

5 kommentarer:

  1. For en herlig tid på videregående, å fryde seg over ny bok i serien, og kunne trekke seg unna og nilese på denne måten. At du har lest serien igjen og igjen, er jo artig, og at den ikke har "tapt seg"? Jeg hadde den opplevelsen med Isfolket og senere Nattmannens datter, de to eneste seriene jeg har lest, men gikk lei, sistnevnte stoppet jeg på bok 13. Kunne ikke tenkt meg å lese den på nytt, men kanskje Isfolket.
    Ha en fin søndag Elida, jeg har blogget om marsboken i dag så nå er jeg oppe i 4/12 (og jeg som skulle spre bøkene utover i år) Btw. Du har pleid å ha et samleinnlegg for 1001-lesesirkelen, det har vært så greit å kunne gå inn der å se hva andre har lest i de forskjellige kategoriene...

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var ein høydare i kvardagen, og eg syns ikkje den har tapt seg. Verda har sjøvsagt endra seg, og enkelte teknologiske ting, men eg syns serien har haldt seg godt.

      Isfolket har eg aldri lest, men mi mor har. Eg har lest ein serie til frå Synnøve Eriksen, Jordbærdamene. Den er hakket meir historisk, og begynner på 50-talet trur eg og går nokon år fram i tid. Den følte eg var meir urealistisk, men hadde sine øyeblikk.

      Du er kjapp i sirkelen du :-) Eg har valgt å ikkje ha eit slikt innlegg for det vart så mykje å oppdatere og det er så få som blogger om bøkene. Men etter å ha tenkt på kommentaren din, så er det ingenting i veien for at eg kan legge inn linker i månadsinnlegget.

      Slett
    2. Du velger selvfølgelig helt selv, det er nok bare jeg som har brukt det aktivt for å få med meg alle månedene (siden jeg stokker litt om på dem)

      Slett
    3. Eg liker forslag, så det er lov å kome med ønsker. Nå legger eg månadsinnlegga til høgre i margen etterkvart, også legger eg inn linker. Dine linker er lagt inn i framtidige innlegg, men gi absolutt beskjed om det er noko feil.

      Slett
    4. Å så bra, du er en knupp! Beklager å gi deg merarbeid, du skal vite at jeg setter stor pris på det :)

      Slett