Søk i denne bloggen

mandag 21. februar 2022

"Oliver Twist" av Charles Dickens

Charles Dickens (1812-1870) burde vera eit kjent namn for dei fleste, med mindre du har vore under ein stein dei siste 200 åra. Brite, forfattar, satiriker og avismann, med minimal skolegang. Fleire av hans romanar skrevet i Victoria-tiden står som store verk den dag i dag. Charles Dickens er ein av mine personlege favoritter.

Oliver Twist er Dickens' andre roman og ein god del kortere enn The Pickwick Papers. Den handler om den nemnte unge mannen som vokser opp på barneheim, og med den velkjente setninga: "Please, Sir, could I have some more?" Eg har lenge trudd det var Oliver sjølv som gikk fram til bestyreren og ba om meir mat, men det var det ikkje. Oliver Twist rømmer frå barneheimen og blir tatt inn av Fagin og hans gjeng med gatebarn. Her blir han betre kjent med The Artful Dodger, Bill Sikes, Nancy og sjølvsagt dei andre gutane i gjengen. Han blir raskt ein favoritt då han med sin vesle kropp og kvikke hode kan lure og stjele frå sjølv den mest ihuga forretningsmann. Livet går sin vante gang blant Oliver og gjengen, og slik som i dei aller fleste Dickens-romaner så får dei gode lykke til slutt, og dei onde sin straff.

Eg har lest Oliver Twist for mange år sidan, og såg ein film som barn som eg er redd ødela mykje av mitt inntrykk av romanen. Eg syns heile historien om Oliver er trist, handlinga er rotete, og sjølv om det er ein del dickenske faktorer så veier det ikkje opp. Karakterene er intrikate som i alle Dickens-romaner, og stemninga er til å ta og føle på. Likevel kan eg med handa på hjartet si at eg liker ikkje Oliver Twist av mange årsaker, men mest på bakgrunn av at eg liker ikkje bøker der vaksne er ugreie med ungar (eg har blant anna kun lest ei Lemony Snicket-bok).

XOXO

| Forfatter: Charles Dickens | Utgitt: 1838 | Min utgåve: 2009 | Format: Innbundet, 553 sider | Forlag: Penguin | 

5 kommentarer:

  1. Tror det var ganske vanlig på Dickens` tid å være ugrei med unger, jeg synes i alle fall det går igjen i alle romanene hans. Jeg synes Oliver Twist er en fin historie, har lest, sett film og sett musicalen i London :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan godt hende, og det skjer jo i David Copperfield og. Eg syns bare ikkje om det.

      Slett
  2. Jeg leste denne for noen år siden, i Lines 1001-sirkel, som viste seg å være en forkortet versjon.
    Nei, hvordan kan man like å lese om voksne som er slemme mot barn? Men boka kan no være god for det. Det er en del av virkeligheten, sikkert værre før enn nå..da det var mer systematisk oppdragervold.

    SvarSlett
    Svar
    1. Heldigvis går verda framover, og ugreie vaksne får meir straff i dag enn dei nok gjorde då.

      Slett