I 1844 tok Charles Dickens ein pause frå romanskriving og reiste til Italia med familien. Dei reiste rundt i Italia i eitt år, og resultatet vart reiseskildringa Pictures from Italy. I boka får du dei mest kjente turistattraksjonene presentert: Peterskyrkja i Roma, Napoli med vulkanen Vesuv i bakgrunnen, dei magiske bygningane og kanalane i Venezia for å nemne nokon. Charles Dickens er ein historieforteljar så til og med i ei reiseskildring får du Dickens' observasjonar av ein nasjon med store kontraster. Store, luksuriøse bygningar, fattigdom, eldgamle monumenter og kvardagsliv er temaer Dickens er innom.
Eg høyrte den på lydbok i forbindelse med utfordringa Back to the Classics 2022 i kategorien Non-fiction Classic. Den er godt skrevet, til tider morsom og interessant, og godt lest inn, men 14 dagar etter eg har høyrt ferdig husker eg fint lite. Eg har lest lite reiseskildringer, og liker best bilete eller oppleve det sjølv. Og ei reiseskildring frå 1846 er muligens litt utdatert i 2022. I alle fall for meg. Men nå er den lest og kryssa av i min tankegang og Dickens-lesing.
XOXO
| Forfatter: Charles Dickens | Utgitt: 1846 | Min utgåve: 1998 | Format: Heftet, 220 sider | Forlag: Penguin |
Godt med alt som er gjort :) Den var ikke så lang da, tror alle bøkene jeg har lest av Dickens er veldig lange, men fengslende, så det er verdt det. Kjekt å lese om din leseopplevelse, er enig med deg, reiseskildringen er nok en smule utdatert :)
SvarSlettPictures from Italy har stått på leselista mi i årevis, og romanene eg har lest har i 90% av tilfellene vore bra. Denne falt dessverre gjennom, og eg kjenner ikkje noko sorg for det.
Slett